Trikk på Møhnenpis
RINGVEG: For å frigjere areal til mjuke trafikantar blir det føreslått å etablere eit internt ringvegsystem, der gatene i hovudsak har einvegskøyring.
Bilde: Nina Blågestad

Vil ha mindre trafikk og nye gatetun på Møhlenpris

Byrådet legger Gatebruksplan for Møhlenpris på høyring og offentleg ettersyn.

Plan- og bygningsetaten (PBE) har lagt fram forslag til gatebruksplan for Møhlenpris. Gatebruksplanen anbefaler kva for gater som bør ha trafikk og kva for gater som kan omdisponerast til annan bruk. Det blir anbefalt eit framtidig trafikkmønster med etablering av nye gatetun, og det blir gitt anbefalingar knytt til materialbruk, møblering, planting og overvasshandtering. Som del av prosjektet er det òg gjennomført ein moglegheitsstudie for etablering av bebuarparkering under Puddefjordsbroen.

kart over Møhlenpris
Området for gatebruksplanen

Dette er området

Området for gatebruksplanen omfattar dei kommunale gatene på Møhlenpris innafor den raude avgrensinga som vist på biletet. Området er om lag 100 dekar stort. I tillegg til føringar for køyremønster, areal til gatetun/sambruksgater, parkering, varelevering og tilrettelegging for mjuke trafikantar, inneheld forslaget utformingsprinsipp for belysning, vegetasjon/planting, møblering og dekke.

Forslag til køyremønster

For å frigjere areal til mjuke trafikantar blir det føreslått å etablere eit internt ringvegsystem, der gatene i hovudsak har einvegskøyring. Dei interne gatene blir utforma som gatetun utan gjennomgangstrafikk, men det vil framleis vere mogleg å køyre inn for korte stopp.

Fleire gatetun

Det blir føreslått eit samanhengande nett av gatetun som gir mjuke trafikantar prioritet. I gatetun har køyrande vikeplikt for gåande, og parkering er forbode med unntak av særskilte plassar for forflyttingshemma. 

Tilrettelegging for sykkel

Anbefalt sykkelveg i den øverste delen av Olaf Ryes vei som i dag er stengt for trafikk, blir vidareført. Dette blir gjennomført i eige prosjekt med byggestart i 2023. Vidare nedover Wolffs gate er det anbefalt sykling i blanda trafikk. Unntaket er rundt den krappe svingen ved Hulen der det er dårleg sikt. Her er det anbefalt å etablere sykkelfelt.

Fleire plassar til bildeling

Det blir anbefalt å auke dagens bildelingsplassar frå 16 til 30 plassar. Dagens mobilpunkt blir utvida med ein til to bilar kvar. I tillegg er det føreslått nytt mobilpunkt i Ole Vigs gate.

Færre parkeringsplassar

Forslaget viser at det er plass til 144 gateparkeringsplassar til fordeling på dei ulike parkeringsfunksjonane. 12 av dagens parkeringsplassar for forflyttingshemma kjem i tillegg. For å erstatte nokre av dei gateparkeringsplassane som forsvinn er det føreslått å etablere bebuarparkering under Puddefjordsbroen. 

Vil skape gode byrom

Byrådet vurderer at forslaget til gatebruksplan for Møhlenpris bidrar til å oppnå mange overordna mål, mellom anna mål om gåbyen Bergen i Kommuneplanens samfunnsdel (KPS) og Gåstrategi for Bergen, og overordna nasjonale og lokale mål om nullvekst i personbiltrafikken. Byråden meiner forslaget til gatebruksplan legg til rette for å frigjere verdifullt areal som i dag blir nytta til bilparkering for å skape gode byrom og møteplassar og for å gi betre forhold for gåande og syklande. Det vil redusere biltrafikken og bidra til å skape ein meir levande og attraktiv by.

Byrådet sender planen på høyring og offentleg ettersyn. Informasjon om korleis du kan sende merknad vil bli annonsert.

Les dokumenta i saken

Her er sakene fra byrådet 10. august