Gå tilbake til:
Du er her:
Er i rute med bustadløftet bilde
Skissen viser tunet i Dolviken.
Bilde: Link Arkitekter

Er i rute med bustadløftet

Gjennom bustadløftet skal det byggjast 130 nye bustader for personar med utviklingshemming innan 2025. Byrådet melder at målet er innan rekkevidde.

Målet med bustadløftet er å avvikle bustadkøen for personar med utviklingshemming i Bergen, slik at alle kan få tilbod om eigen heim. For å dekke trongen er det vedtatt å etablere 130 nye bustader.

Kommunen skal bygga ulike typar bustader, og kvar person skal bli individuelt vurdert før dei blir tildelt bustad.

I planlegginga av bustadene er følgjande punkt viktige;

  • Bustadene er tilpassa den enkeltes ressursar, moglegheiter og behov.
  • Bebuarsamansetninga i bofellesskapet gir grunnlag for trivsel og fellesskap.
  • Bustadene blir etablerte i gode og ordinære bomiljøer slik at prinsippa om normalisering og integrering blir etterlevde.
  • Bustadene har god standard.
  • Bustadene har teknologiske løysingar som kan gi auka grad av sjølvstende.
  • Bustadene har ikkje eit institusjonsliknande preg

På blokka har kommunen no over 100 mogelege bueiningar. Det vert arbeidd vidare med å nå det endelege målet om 130 nye bustader.

Prosjektet tar i bruk følgjande verkemiddel for å nå målet:

  • Kjøpe ferdige bygg og husvære
  • Gjere om kommunale bustadar
  • Bygge nye bustadar
  • Samarbeid med private og ideelle aktørar
  • Eige eigen bustad

Slik byrådet vurderer stoda no, kan bustadløftet realiserast i tråd med løyvingane som er gitte i handlings- og økonomiplanen. Byrådet meiner prosjektet er tatt godt vare på og er i rute med tanke på å nå målet om 130 nye bustadar innan 2025.

Saka går vidare til handsaming i utval og bystyre.

Les dokumenta i saka

 

Flere artikler

Les sakene fra byrådet 6. februar