Arkitektillustrasjon av nytt bofellesskap på Nedre Totland
SLIK BLIR DET: Bustadene kjem i nybygget til venstre, mens det gamle skulebygget vert til tenestebase for dei tilsette.
Bilde: Arkitektkontoret Cubus

Gamal skule blir del av bufellesskap

På skuletomta til tidlegare Riple skule på Nedre Totland kjem det bufellesskap med seks husvære. Prosjektet er no klart til å gjennomførast.

Byrådet rår til at prosjektet vert gjennomført, men det er bystyret som fattar det endelege vedtaket. Prosjektet har ei investeringsramme på 104 millionar kroner.

Nedre Totland bofellesskap er ein del av bustadløftet for personar med utviklingshemming. Fram til 2016 var det skuledrift på tomta. Det året vart Riple skule lagt ned. Det er planlagt seks bustader for personar med psykisk utviklingshemming.

Sjølve skulebygget skal byggast om til tenestebase. Bustadene kjem i eit nybygg som skal koplast på den eksisterande bygningsmassen. Den tidlegare lærarbustaden er i dårleg stand og kjem til å bli riven.

I bufellesskapet vil det vere seks husvære på omlag 56 kvadratmeter. Kvar bustad får eigen sørvendt hage eller balkong. Det kjem òg ein tenestebase for ni tilsette. I denne vil det kome ein hybel som kan nyttast for tilsette i heildøgns turnus.

Etter planen skal bufellesskapet stå klart 3. kvartal 2026.

Byrådet meiner dette prosjektet er eit godt tilbod for denne bebuargruppa med roleg omgjevnad og gode turområde. Eit felles aktivitetsområde med nærmiljøet vil òg kunne ha ein positiv verknad for fellesskapet i området.

Les dokumenta

SE OGSÅ: Les sakene fra byrådet 4. april