Gå tilbake til:
Du er her:
Landåsveien 33. Tidlegare skulebygg.
BUSTADAR: Dette bygget var tidlegare ein del av Landås skole. No skal det bli til leilegheiter i samband med bustadløftet for personar med utviklingshemming.
Bilde: Etat for utbygging

Gjer skulebygg om til bustadar

Eit tidlegare skulebygg på Landås skal gjerast om til ni bustadar. Gjennomføringa av prosjektet med ei ramme på 111 millionar kroner skal godkjennast av bystyret.

Bustadane er ein del av satsinga Boligløftet Bergen. Denne satsinga har som mål å avvikle bustadkøen for bergensarar som er utviklingshemma. Dei ni leilegheitene, som skal kome i Landåsveien, er ein del av planen om å etablere 130 nye bustadar for denne gruppa av innbyggjarar.

Verneverdig fasade

Modell av Landåsveien 33 og omgivnadane.
Oversiktsmodell av bygget med omgivnadane. Landås skole til venstre, Landåshallen og Landås menighets eldresenter til høgre.
Bilde: ABO PLAN & ARKITEKTUR

Bygget vart tidlegare nytta av Landås skole. I dag står bygget tomt og er rekna som verneverdig av antikvariske mynde. Huset skal gjerast om til eit bufellesskap. I tillegg til husværa skal det også kome ein tenestebase for tilsette.

Landåsveien 33 har tre høgder og kjellar. Bygget blei oppført i 1955. Fasaden er verna fordi arkitekturen og designet er typisk for tida ho vart bygd i.

Tre husvære i kvar høgd

Prosjektet går ut på å rehabilitere bygget totalt og gjere det om frå skulebygg til bustadbygg. Kvar etasje skal romme tre leilegheiter og eit rom for personalet. I kjellaren blir det mellom anna tekniske rom, lager og sykkelparkering. Bustadane er utforma slik at dei tilfredsstiller krava Husbanken stiller for å gi tilskot til å etablere omsorgsbustadar. Bufellesskapet skal få felles anlegg utomhus med hage.

Prosjektet skal stette gode miljøambisjonar så langt det let seg gjere av omsyn til vernekrava. Berekonstruksjonane vil i stort mon bli brukte om att. Passivhuskomponentar skal nyttast så langt som mogeleg.

Omsyn til skuleelevane

Mange skuleelevar passerer bygget på veg til og frå Landås skole. Omsynet til tryggleiken til barna skal vektleggast i samband med oppgraderinga og i tildelinga av kontrakt med entreprenør. Prosjektet har god dialog med skulen om dette.

Førebels byggestart er sett til 4. kvartal 2021. Prosjektet har ei kostnadsramme på 111 millionar kroner.

Byrådet meiner bufellesskapet vil vere eit positivt bidrag til nærområdet. For dei som skal bu der er det kort veg til aktivitetar og offentleg transport.

Byrådet bahandla saka 12. mai. Saka går vidare til utval og bystyre.

Les dokumenta