Illustrasjon av Steinsvikkroken utleigebustadar
BUSTADAR: Illustrasjonen viser Steinvikkroken utleigebustadar frå sør med felleshagen. Prosjektet vil romme seks husvære.
Bilde: Henning Larsen arkitekter

Klar til å byggje utleigebustadar i Steinsvikkroken

Prosjektet med å byggje seks nye utleigebustadar i Steinsvikkroken er klart til å gjennomførast med atterhald om tilskot frå Husbanken. Prosjektet har ei investeringsramme på 106,4 millionar kroner.

Byrådet legg fram sak for bystyret om å gjennomføre bustadprosjektet. Prosjektet i Steinsvikkroken er ein del av bustadprogrammet til Bergen kommune. I programmet er det eit mål om 250 bustadar. Av desse skal kommunen føre opp 125 bustadar i eigen regi. Programmet skal gi gode og tilpassa bustadar for dei som treng det aller mest.

Bustadar med personalbase

Bustadane i Steinsvikkroken vil vere eit butilbod for rusavhengige. Butiltaket er planlagt med seks årsverk med leiar, vektartenester døgnet rundt og innleid reinhald. Dei tilsette vil skal ha helse- og sosialfagleg bakgrunn. Personar med erfaringskompetanse vil òg vere ein del av bemanninga. 

Bustaddelen utgjer ein eigen fløy med seks leilegheitar fordelt på to etasjar. I den andre fløyen vil det kome ein personaldel. Prosjektet vil òg ha ein fellesdel med felles stove, møterom og støttefunksjonar. Alle husværa får eigen balkong som vil vende mot ein opparbeidd felleshage. Bygget vil danna ei open L-form som vil skjerme for innsyn frå naboar og støy frå Steinsvikvegen.

Grøne tak og solenergi

Då reguleringsplanen vart behandla kom det inn ei føresegn om at bygget skal ha grøne tak i kombinasjon med solenergianlegg. Dette er innarbeidd i prosjektet. Bygget vil tilfredsstille krava til passivhusstandard.

Prosjektet i Steinsvikkroken er det første som blir realisert i handlingsplanen for å skaffe fleire kommunale utleigebustadar. Prosjektet er nært butikk og kollektivtrafikk. Dei som skal bu her vil få to roms husvære av god kvalitet.

Legg vekt på samfunnsnytta

Nærmiljøet har uttalt seg skeptisk til etableringa av butiltaket. I Bergen er det eit stort behov for denne typen bustadar. Byrådet legg avgjerande vekt på at bygginga av bustadar for sårbare og vanskelegstilte grupper har stor samfunnsnytte. Det gode arbeidet med å la nabolaget medverke må også halde fram når bustadane er på plass.

Prosjektet har ein tentativ framdriftsplan med byggestart august 2023 og overlevering hausten 2024. Den totale investeringsramma er på 106,4 millionar kroner. Føresetnaden for å gjennomføre prosjektet er at Husbanken kjem med tilskot.

Saka går vidare til utval og bystyre.

Les dokumenta

SE OGSÅ: Les sakene fra byrådet 2. mars