Illustrasjon av bufellesskapet med herredshusa til venstre
BUFELLESSKAP: Det planlagde bufellesskapet er midt i biletet med heradshusa til venstre. Utsnittet er sett frå sør-aust.

Skal byggje åtte bustadar i Midtunvegen

Eit nytt bufellesskap i Midtunvegen er no klar til å gjennomførast. Prosjektet vil gi åtte bustadar og har ei investeringsramme på 133 millionar kroner.

Bygginga av Midtunvegen bufellesskap er ein del av bustadløftet for innbyggarar med utviklingshemming. Bergen kommune har sett seg som mål å fjerne bustadkøen for denne gruppa.

Åtte husvære

Bufellesskapet vil få åtte leilegheiter og personalbase med tilhøyrande fellesareal. Kvar bustad er på 60 m2 med kjøken, soverom,  bad, sportsbod og terrasse.

Tenestebasen omfattar kontor, medisinrom, pauserom, garderober og toalett. Fellesareala omfattar lager, møterom, stove, aktivitetsrom, handicap-WC og areal for reinhald. I tillegg kjem teknisk rom og bossrom.

Tilskot frå Husbanken

Prosjektet vil totalt få eit bruttoareal på 1575 m2. I tillegg til privat terrasse er det lagt inn eit felles areal for uteopphald. Prosjektet stettar krava som Husbanken set til investeringstilskot for omsorgsbustader.

Bystyret har vedtatt ein detaljreguleringsplan for tomta. Rekkefølgjekrava er oppgradering av tilkomstveg, fortau, lys og støttemurar. Dette er eit eige prosjekt med ei total kostnadsramme på 17 millionar kroner.

Høg pris for kvar eining

Prisen for kvar bueining er høg. Grunnen til dette er at bufellesskapet vil ha relativt få bueiningar. Kostnader til infrastruktur og reguleringsplan er like om ein bygger få eller mange bueiningar.

Byrådet meiner prosjektet vert eit godt tilskot til bustadløftet. Bustadene har fått ei sentral plassering på Nesttun og ei god utforming. Byrådet tilrår at prosjektet blir gjennomført med ei total investeringsramme på 133 millionar kroner.

Saka går vidare til utval og bystyre.

Les dokumenta i saka

SE OGSÅ: Les sakene fra byrådet 25. januar