Illustrasjonen viser omdanning av Haugland frå skule til bufellesskap
BU, LEIKE OG SPELE: Gamle Haugland skule skal utviklast til å huse to nye bufellesskap, offentleg leikeplass og grendahus for nærmiljøet i gymsalen.
Bilde: Norconsult

Skal byggje om Haugland skule til bufellesskap og grendahus

Haugland skule skal byggjast om til bufellesskap. Gymsalen skal gjerast om til eit grendehus og det skal kome ny leikeplass på tomta.

Haugland skule på Gaupås i Arna vart lagt ned i 2018. No legg byrådet fram to saker om gjennomføring av det som skal kome i plassen for skuleverksemda. Denne artikkelen gir ei samla framstilling av desse to byrådssakene.

To bufellesskap

På skuletomta skal det kome to separate bufellesskap med seks leilegheiter og tenestebase i kvart bygg. Tiltaket omfattar to nybygg og ombygging av den gamle skulen. Gamleskulen skal koplast saman med eitt av nybygga og vere eit samla bufellesskap. 

Det andre bufellesskapet vil berre bestå av nybygg. Bufellesskapet er ein del av bustadløftet for personar med utviklingshemming. Den eldste delen av den tidlegare skulen vil bli nytta til tenestebase. Dei eldste bygga er frå 1952 og treng omfattande rehabilitering. 

Prosjektet Haugland bufellesskap har ei tilrådd investeringsramme på 219,1 millionar kroner.

Grendahus i gamle gymsalen

Skulen vert i dag brukt av nærmiljøet. Bystyret har difor bede byrådet sjå om den gamle gymsalen kan brukast på ein måte som kjem lokalmiljøet til gode. Byrådet har kome til at det skal takast vare på den gamle gymsalen. Gymsalen skal rehabiliterast og gjerast om til eit grendehus. I tillegg vil det kome ein felles utandørs leikeplass att med gymsalen.

Grendahuset skal kunne nyttast til aktivitetar som korps, fotball og festlege høve som 17. mai. Gymsalen skal rehabiliterast og oppgraderast. Nytt ventilasjonsanlegg og heis skal på plass. Taket skal òg styrkjast slik at det kan tole at det kjem solceller. Prosjektet som gjeld gymsalen har ei tilrådd investeringsramme på 37,8 millionar kroner.

Utfyllande informasjon om prosjekta går fram av fagnotata frå Etat for utbygging som følgjer sakene.

Landleg ramme å bu i

Byrådet meiner bufellesskapet på Haugland gir utviklingshemma bergensarar tiltrengde husvære. Plasseringa gir ei fin og landleg ramme for bustadane med kort avstand til turområda. Grendahuset og leikeplassen vil gi høve til sambruk og vere med på å integrere bebuarane i eit allereie eksisterande nærmiljø. Byrådet rår difor til at dei to prosjekta skal gjennomførast.

Byrådet kjem med tilråding i møte 21. desember. Saka om gymsalen blir avgjort av utval for finans, kultur og næring. Saka om bufellesskapet skal handsamast av utval og bystyre.

Les dokumenta i saka om bufellesskapet
Les dokumenta i saka om gymsal og grendehus
 

Sakene til byrådet 21. desember er klare