Treningsbassenget på Ortun
Treningsbassenget på Ortun er 25 meter langt, har 6 baner og ein botn som kan hevast og senkast. Biletet viser også den lysekte folien som er ein del av kunsten i prosjektet. Kunstnaren er Marie Buskov.
Bilde: Hugo Lütcherath

Her rann ikkje pengane ut

Fyllingsdølene svømmer i flotte omgjevnadar på Ortun. No er sluttrekninga for badeanlegget komen. Fine ting treng ikkje å bli for dyre.

Når no prosjektet Ortun badeanlegg er avslutta viser rekninga at det har gått med 222.211.484 kroner eller 221,1 millionar for å runde litt av. Det er 33 millionar kroner mindre enn justert budsjett for prosjektet.

Prosjektet omfatta ny svømmehall med to basseng; eit for opplæring og eit for trening. Det er Etat for utbygging som har gjennomført prosjektet. Den gamle svømmehallen på Ortun skole blei riven. Den gamle hallen hadde tent fyllingsdølene sidan 1970.

Det nye badeanlegget passar til brukarar med ulike behov med omsyn til funksjonsevne og helse. Skulane i bydelen brukar anlegget i svømmeopplæringa. Etter skuletid er det svømmeklubbar og publikum som kan kaste seg i bassenga. Så langt i år har det vore 8.500 besøkande i publikumstida.

Som ein del av prosjektet er også uteområde og tilkomstveg fått større oppgraderingar. Skulen har òg fått betre parkering for syklane og lærarane har fått sykkelparkering under tak.

Byrådet tilrår at sluttmeldinga for prosjektet kan godkjennast.

Byrådet kjem med tilrådinga si 21. desember. Saka går vidare til utval og bystyre.

Les dokumenta

Sakene til byrådet 21. desember er klare