Gå tilbake til:
Du er her:

Hovudbiblioteket skal få betre brannsikring og meir plass

Byrådet rår til at prosjektet som skal sikre Hovudbiblioteket betre mot brann og gir rom for meir publikum blir gjennomført. Investeringsramma er på 41,1 millionar kroner.

Arbeida på Hovudbiblioteket blir gjennomført i fleire steg. Hausten 2020 blei første steget gjennomført. Det omfatta oppgradering av tre magasin og installasjonar av gasslukkeanlegg.

Branntryggleiken og universell utforming

Det neste steget gjeld å leggje til rette for ny innleverings- og sorteringsmaskin, opne magasin, installere ny heis og bygge om for å betre branntryggleiken og legge til rette for universell utforming.

Tiltaka skal samla vere med på å kunne auke talet på samtidige besøkande frå 750 til 1000.

Ferdig i 2024

Prosjektet er planlagt ferdigstilt i løpet av 2024, dersom byggearbeidet tar til i 2021.

Saka går vidare til handsaming i utval for finans, kultur og næring.

Les dokumenta

Saken ble behandlet i byrådet 28. janaur 2021.