Gå tilbake til:
Du er her:
Grensestein som markerer tidlegare bygrense.
I 1971 blei Bergen ein del av Hordaland. Då kom også Angeravtalen til. Steinen på biletet viser den gamle fylkesgrensa på Lønborg.
Bilde: Ola Henning Målsnes

Føreslår å fjerne 50 år gamal eigedomsklausul

Då Bergen blei ein del av Hordaland i 1971 vart mange kommunale eigedomar overførte til fylket. No rår byrådet til å inngå avtale med fylkeskommunen om å fjerne ein 50 år gamal tilbakeføringsklausul.

Fram til 1971 var Bergen, som Oslo framleis er, både by og fylke. I samband med kommunesamanslåinga blei Bergen innlemma i Hordaland fylkeskommune. Då overtok fylket dei eigedomane kommunen hadde som gjaldt fylkeskommunale tenester. Eit eige utval leia av fylkesmann Erling Anger førebudde overføringa av drifta av fleire institusjonar og skular i Bergen. Avtalen, som blei inngått mellom partane, har i munnleg språk blitt kalla for Anger-avtalen.

Utfordrande klausul

Anger-avtalen hadde følgjande klausul:

Erling Anger
ANGER: Dåverande fylkesmann i Hedmark, Erling Anger, var den som leia utvalet som kom fram til avtalen med same namn.
Bilde: Glåmdalsmuseet

«Dersom institusjon som blir overført fra Bergen by til Hordaland fylke ikke lenger skal brukes til samme eller lignende formål som ved overføringen, får Bergen kommune vederlagsfritt tilbake eiendomsretten til grunn og bygninger som den har overført til fylket. Det samme gjelder dersom driften av noen institusjoner skulle bli ført tilbake til Bergen kommune".

Tolkinga av avtalen har gitt utfordringar og det har vore rettstvistar om avtalen mellom Bergen kommune på den eine sida og Hordaland fylkeskommune og Helse Bergen på den andre. Bergen kommune og Vestland fylkeskommune har forhandla fram ei løysing som inneber at Anger-avtalen vert avslutta mellom partane. Bergen kommune ønskjer også å undersøkje om kommunen og Helse Bergen kan inngå liknande avtale.

Kime til strid

– Denne 50 år gamle avtalen er ein kime til rettsleg strid mellom ulike offentlege instansar. Vi trur ikkje det tener bergensarane som også har glede av tenestene frå fylkeskommunen og Helse Bergen. Byrådet er glad for den framforhandla avtalen med Vestland fylkeskommune og håper kommunen kan få til ei liknande løysing med helseføretaket, seier byråd for finans, næring og eigedom, Erlend Horn.

Den framforhandla avtalen mellom Bergen kommune og Vestland fylkeskommune må godkjennast av Bergen bystyre og fylkestinget i Vestland.

Løysinga er basert på ein føresetnad om at Bergen kommune får tilbake tre eigedomar som Vestland fylkeskommune planlegg å avvikle bruken av dei kommande ti åra. På si side vil kommunen gje opp kravet om tilbakeleveringa av fire andre eigedomar som er omfatta av Angeravtalen.

Om avtalen vert godkjend vil kommunen få overført Øvregaten 29 (tidlegare Bergen yrkesskole for handel og kontorarbeid), Haugeveien 28 (tidlegare Bergen sjømannsskole) og Margaretastredet 2 (tidlegare Bergen kokk- og stuertskole). Fylkeskommunen vil behalde Årstad videregående skole, Langhaugen videregående skole og en del av Bergen katedralskole.

Byrådet rår til at bystyret godkjenner avtalen og at finansbyråden får fullmakt til å skrive under på avtalen på kommunen sine vegner.

Saka går vidare til behandling i utval og bystyre.

Les dokumenta i saka