Gå tilbake til:
Du er her:

Føreslår retningslinjer for skogtilskot

Bergen kommune løyver tilskot til nærings- og miljøtiltak i skogbruket. Byrådet kjem med framlegg til retningslinjer for desse tilskota.

Tilskota er statlege midlar som kommunen har mynde til å fordele etter forskrifta om tilskot til nærings- og miljøtiltak i skogbruket. Tilskota kan mellom anna nyttast til skogkultur, vegbygging, taubane og miljøtiltak i skogen. Det er eit krav at kommunen skal utarbeide overordna retningsliner for tildelinga av tilskot etter forskrifta.

Byrådet rår til at tilskota skal nyttast til auka verdiskaping i skogbruket, samstundes som miljøverdiar som biologisk mangfald, landskap, friluftsliv og kulturminne i skogen blir tekne vare på og utvikla vidare.

Tilskot til nye eller ombygde skogsvegar kan gjevast når dette gir gode heilskaplege løysingar for bruken av skogs- og utmarksressursane. Bergen kommune skal i tilskot til skogkultur prioritere tilskot til etablering av ny skog eller hogst.

Halvparten av landarealet til Bergen kommune er skog. Byrådet meiner at skogen er ein stor næringsressurs og ein viktig miljøfaktor som kan betre trivsel og folkehelse i kommunen.

Byrådet handsama saka 28. april. Saka går vidare til utval og bystyre.

Les dokumenta i saka

SE OGSÅ: Les sakene fra byrådet 28. april