Haustleg utsyn over Byfjorden og Askøy frå trappene på Ulriken.
HAUSTLEGE ØKONOMITAL: Byrådet har lagt fram økonomirapporten for dei åtte første månadene i 2023.
Bilde: Tonje Otterskred

Legg fram årets siste tertialrapport

Byrådet legg fram økonomirapport etter dei åtte første månadene i 2023. I saka kjem det også forslag om å justere budsjettet for inneverande år.

I tertialrapporten føreslår byrådet å auke dei budsjetterte inntektene frå skatt med 100 millionar kroner.  Byrådet føreslår òg å oppjustere budsjetta til ein del av tenesteområda med til saman 107,8 millionar kroner. Dette gjeld særleg barnevernet, tenester til utviklingshemma, sosialhjelp og bustøtte. Justeringane kjem for å gi områda eit mest mogeleg realistisk budsjett.

GÅ TIL: 2. tertialrapport 2023  

Etter justeringane reknar byrådet med eit negativt netto driftsresultat for kommunen på 4,8 millionar kroner i 2023. 

Endringar i driftsbudsjettet

Her er nokre av justeringane som byrådet føreslår i tertialrapporten:

  • Bystyret har vedteke å busetje 1.200 flyktningar i 2023. Det er 200 fleire flyktningar enn det som låg til grunn då budsjettet sist vart revidert. Dette har ein meirkostnad på om lag 30 millionar kroner som byrådet no legg inn i det justerte budsjettet. Meirutgiftene vert i stor grad motsvart av auka tilskot frå staten, og inntektsbudsjettet er difor også oppjustert.
  • Dei nye prognosane for straumprisen gjer at byrådet føreslår å redusere energibudsjettet med om lag 27 millionar kroner.
  • Gjennom året har det vore ein stor auke i aktivitetsnivået hjå tenestene til utviklingshemma. Byrådet føreslår å oppjustere budsjettet med 39 millionar kroner i tråd med veksten i aktivitet.
  • Talet på mottakarar av sosialhjelp har vakse gjennom 2023. Auken skuldast høgare levekostnadar i samfunnet. Fleire mottar bustøtte no enn på starten av året. Byrådet føreslår å auke ramma til økonomisk sosialhjelp med 18,1 millionar kroner og ramma for bustøtte med 15,8 millionar kroner.

Nye investeringar

Byrådet føreslår å oppjustere det samla investeringsbudsjettet med 73 millionar kroner.

Følgjande investeringar er nye og føreslått innarbeidde i 2023-budsjettet:

  • Kjøp av bustader - busetting av flyktningar: Byrådet føreslår å løyve 120 millionar kroner til å kjøpe bustader. For å skaffe nok bustader til flyktningane som skal busettast, må kommunen skaffe mellom 250-300 bustader gjennom både innleige og kjøp.
  • Knappentunet– prosjektutvikling: Byrådet føreslår å løyve 3,4 millionar kroner til å utvikle Knappentunet butiltak. Det skal etablerast kommunale utleigebustader med tenestebase. 
  • Lonemarka – prosjektutvikling: Byrådet føreslår å setje av 2,5 millionar kroner til arbeidet med å prosjektere eit nytt butiltak i Lonemarka. Etter planen skal det byggjast åtte leilegheiter med personalbase. Målgruppa er vanskelegstilte på bustadmarknaden med rusrelaterte utfordringar.
  • Møllendalsveien – prosjektutvikling: Byrådet føreslår å løyve 3,4 millionar kroner. Midlane skal nyttast til å førebu ombygging av Møllendalsveien 19. Målgruppa for butilbodet er personar utan bustad med rusutfordringar. Midlane skal dekke venta utgifter til å utvikle prosjektet.

Byrådet kom med tilråding i saka 9. november. Saka skal vidare til utval og bystyre.

Les dokumenta i saka

Her er sakene fra byrådet 9. november