Gå tilbake til:
Du er her:

Legg rekneskap og årsmelding fram for bystyret

Byrådet legg formelt rekneskapen og årsmeldinga for 2021 fram for godkjenning i bystyret.

Både førebels rekneskap og årsmeldinga har blitt gjort offentleg tidlegare. No ligg også uttale frå rekneskapsrevisor og kontrollutvalet føre. Kontrollutvalet har ikkje kommentarar til rekneskapen utanom det som kjem fram av dokumenta frå byrådet og uttalen frå revisor og rår til at bystyret kan godkjenne dette.

Etter kommunelova skal bystyret vedta årsrekneskap og årsmelding på grunnlag av ei tilråding frå byrådet. Byrådet rår til at bystyret godkjenner årsrekneskapen, lånefondsrekneskapen og den konsoliderte rekneskapen for 2021, samt årsmeldinga for Bergen kommune.

Etter handsaminga i byrådet, går saka vidare til utval og bystyre.

Les dokumenta i saka

SE OGSÅ: Les sakene fra byrådet 28. april