Gå tilbake til:
Du er her:
Neumanns gate 1
VIL SELJE: Neumanns gate 1 ragar høgt i bybiletet med sine ni høgder. Byrådet rår til å selje kommunens del av eigedomen.
Bilde: Ola Henning Målsnes

Vil selje kommunen sin del av Neumanns gate 1

Byrådet rår til å selje Bergen kommune sin del av eigedomen Neumanns gate 1 til marknadspris. Verditaksten er på vel 130 millionar kroner.

Neumanns gate 1 blei oppført i åra 1957-1960. Bygget er på ni etasjar i tillegg til loft og kjellar. Det er brukt til kino og kommunale kontor. Eigedomen er delt i to seksjonar: Ein seksjon er eigd av Bergen kommunale pensjonskasse. Han blir leigd ut til Bergen kino. Den andre seksjonen er eigd av Bergen kommune. Seksjonen til kommunen er på 6590 kvadratmeter. Denne ønskjer byrådet å selje.

Mål om å selje for 150 millionar

Byrådet varsla i handlings- og økonomiplanen 2023-2026 at Neumanns gate 1 er eit aktuelt salsobjekt. I budsjettet for 2023 sett det eit mål om å selje kommunale eigedomar for 150 millionar kroner.

Gjennom åra har mange kommunale avdelingar hatt tilhald i Neumanns gate 1. Dei seinaste åra har bygget blitt meir og meir fråflytta fordi organisasjonen har endra seg og fordi eit nytt arealeffektivt arbeidsplasskonsept er innført. Under totalrehabiliteringa av rådhuset hadde til dømes fleire byrådsavdelingar mellombels tilhald i dette bygget.

Trong for vedlikehald

Bygget har stort etterslep når det gjeld vedlikehald, særleg når det gjeld utvendige fasadar. Dei fleste innvendige tekniske installasjonane har trong for snarleg rehabilitering. Fagetaten meiner det er meir framtidsretta for kommunen å oppgradere sentrale bygg i nærleiken av rådhuset enn Neumanns gate 1. Difor rår etaten byrådet til å gå inn for sal.

Byrådet meiner vurderingane til fagetaten er fornuftige. Kommunen har ingen konkrete planar eller trong for bygget. Difor meiner byrådet at bygget bør seljast til marknadspris anten på opne marknaden eller direkte til ein aktuell interessent.

Les dokumenta i saka

SE OGSÅ: Les sakene fra byrådet 26. januar