Vil starte opp arbeidet med språkpolitisk plan

Språkpolitisk plan skal bli ein ny temaplan som skal sjå på språkpolitikken til kommunen i stort og følgje opp føresegnene i den nye språklova.

Planen skal òg avløyse planen "Kåra for nynorsk i Bergen. Tiltak" som går ut i 2021.

Føremålet med planen

Språkplanen skal handle om korleis Bergen kommune skal bruke, styrkje og utvikle norsk språk. Planen skal innehalde strategiar, mål og tiltak for korleis kommunen skal forvalte ansvaret vårt for norsk språk. Planen skal syte for å vidareføre politikken for å fremje nynorsk. Den nye språklova krev at "Offentlege organ skal kommunisere på eit klart og
korrekt språk som er tilpassa målgruppa", og planen skal følgje opp dette lovkravet. Planen skal òg drøfte kva som kan bli gjort for å hindre og dempe at norsk tapar terreng til andre språk, som til dømes engelsk. Planen skal i tillegg drøfte det ansvaret ulike delar av kommunen har for språk, inkludert teiknspråk.

Klart språk kan styrka demokratiet

Byrådsleiar peikar på at i eit sunt demokrati må makta sitt språk vere forståeleg og tilgjengeleg for alle i samfunnet. Klart språk kan vere inkluderande, medan tungt og uklart språk i tekstar frå kommunen kan gjere at mange ikkje får høve til å delta i saker som vedkjem dei. Derfor kan godt og klart språk styrka demokratiet ved at fleire forstår og derfor
får høve til å delta. 

Framdrift

Byrådet vil bruke tida fram til september til å utarbeide eit planutkast. I denne perioden ønskjer byrådet å invitere eldrerådet, kommunalt råd for personar med funksjonsnedsetting og ungdomsrådet til dialog for å få deira innspel tidleg i planprosessen. Byrådet ønskjer òg å komme i kontakt med lag og organisasjonar som representerer minoritetsspråklege innbyggarar, samt dei to skriftsspråka nynorsk og bokmål.

Etter det skal planutkastet på ei seks veker lang høyring. Alle som ønskjer vil kunne gje innspel til høyringsutkastet og byrådet vil i tillegg invitere ei rekke sentrale aktørar til å gje innspel.
Etter at høyringa er avslutta, vil byrådet behandle innspela og utarbeide sitt endelege forslag til språkpolitisk plan.
Forventa tidspunkt for sluttbehandling i bystyret er februar 2022. 

Les dokumenta i saka

Saka blei behandla i byrådet 15. april 2021.