Besøket i gamle Holdhus kyrkje er fast på timeplanen avreisedagen i leirskuleveka – så òg for elevane frå Kaland og Alvøen denne februarveka. Den raude tråden gjennom heile skuleveka i Hålandsdalen er koplinga mellom fortid og notid. Fortida vår forklarer kvifor me har det slik me har i dag og kunnskap om fortida skapar større forståing. Kyrkjebesøket fredagar er svært viktig for å understreke den raude tråden vår og for å skape interesse og forståing for historien vår.
Med dei 800 år gamle kyrkjeklokkene som døme er det mykje lettare å få fram poenget at kvalitetshandverk før i tida var fullt på høgde med dagens industriprodukt – truleg endå betre om tenkjer bærekraft. Det same gjeld koplinga mellom gamle handels- og reiseruter frå Asia, Silkeveien, og dagens ruter. Begge deler har ført alvorlege sjukdommar til Norge – Svartedauden på 1300-talet og Covid-19 for kort tid sidan. Holdhus kyrkje stod der gjennom begge desse pandemiane…
Oppbygginga mot kyrkjebesøket fredag går gjennom heile veka og gjennom masse ulike aktivitetar. Alt frå bli-kjent aktivitetar for elevane, utedagar og bygdedag. Tysdag var skileikdag i løypene på Bygdastølen – ein dag med masse fysisk aktivitet men òg med fokus på skia sine historie og kva dette har betydd for oss menneske.
Onsdag var bygdedagen vår. Gjennom ulike stasjonar fekk elevane prøve seg på ulike typar handverk og arbeid slik det kunne sett ut rundt unionsopplysinga i 1905. Utan bruk av dagens teknologi er det eigne fingrar, musklar og hjerne som må arbeide på høggir – i staden for å trykkje på ein PC-tast.
Torsdag stod friluftslivet i høgsetet – friluftsliv med ski på beina. Norsk friluftsliv er heilt spesielt i verdssamanheng – takka vera historien vår. Dette var sjølvsagte tema med drog fram – saman med praktiske oppgåver som å lage leirbål og bevege seg utanfor preparerte løyper og tilrettelagde vegar.
Til sist var det fredag og tid for kyrkjebesøk. Men først ein avsluttande rominspeksjon – der vinnar av romkonkurransen for veke 7 vart avgjort.
Vinnaren blei annonsert under lunsjen, det same blei vinnar av quiz. Når desse kåringane var unnagjort, ja då står det berre igjen og takke «vekkjeansvarlege» for godt utført jobb.
Takk for ei triveleg og innhaldsrik veke saman med elevar og lærarar frå Alvøen og Kaland.
På gjensyn…