Det har kome inn fem innspel frå organisasjonar i arbeidslivet og fylkesutvalet i Vestland. Det er også komne innspel frå eldrerådet og kommunalt råd for personar med funksjonsnedsetting.
Bergen kommune er godkjent som lærebedrift i 16 fag. Hausten 2022 blei det tilsett 166 nye lærlingar i kommunen. Same haust var totalt 332 lærlingar i kommune.
– Vi veit at konkurransen om arbeidskraft og kompetanse er aukande. Både kommunen og næringslivet elles vil ha behov for nye medarbeidarar med fagutdanning. Skal Bergen kommune levere tenester av høg kvalitet, treng vi både faglært arbeidskraft og ei god rekruttering av lærlingar, seier byråd for finans, næring og eigedom, Per-Arne Hvidsten Larsen.
Måla i planen
Temaplan for fagopplæring går gjennom kva som mogeleg og kva som er utfordringane på området. I tillegg til å lære opp nok fagarbeidarar til å dekke kommunens behov, ser planen òg på korleis fagopplæring kan brukast for å inkludere fleire i arbeidslivet. Planen drøfter kva som skal samt hva som skal til for å kunne tilby egne medarbeidere uten formell kompetanse muligheten til å ta fagbrev
Dette er dei overordna måla i planen:
- Bergen kommune skal utdanne faglært arbeidskraft for å sikre og rekruttering og kvalitet i dei kommunale tenestene i framtida.
- Bergen kommune skal gi tilbod om fagopplæring, slik at fleire skal kome inn i arbeidslivet.
Strategiar for å nå måla
Temaplanen har desse strategiane for å nå måla i planen:
- Auke talet på læreplassar, slik at det sikrar rekruttering.
- Sørge for at flest mogeleg lærlingar gjennomfører læretida og klarer fagprøva.
- Bruke fagopplæring for å auke kompetansen til eigne medarbeidarar utan formell utdanning innan relevante fag.
- Styrke og utvikle fagopplæring for å inkludere grupper som har behov for å få innpass i arbeidslivet.
Byrådet kjem med tilråding 30. mars. Saka skal behandlast vidare i utval og bystyre.