Nytt år og nye dagar på leirskule
Nytt år og nye dagar på leirskule
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Veke 2 - Nattland

Skal me bli betre på noko så må me tøye våre eigne grenser, «pushe» oss sjølve eller kanskje me kan sei ut av komfortsona. Dette er, på mange måtar, det (leir)skulen handlar om – å bli «pusha».

Skidag i løypene på Bygdastølen
Skidag i løypene på Bygdastølen
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Det er veldig lett å velje det som er kjend, trygt og enkelt. Men dersom me aldri vågar å strekke oss ut av denne «sona», så blir både kropp og hovud sløvare. Me vil rett og slett aldri finne ut kor langt me kan nå…(Leir)skulen handlar, mellom anna, om dette – å våge prøve nye ting, våge å «stå i det» trass litt ubehag undervegs. For elevane frå Nattland har leirskuleveka bydd på utfordringar, opplevingar og læring.

Skileik med frisbee som aktivitet
Skileik med frisbee som aktivitet
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Kong vinter har, endeleg, festa grepet om Hålandsdalen og leirskulen. Me har nytta snøen til å stå på ski – alle mann alle på tysdag samt nokre både onsdag og torsdag i tillegg. Ein stor del av elevane har prøvd seg på isfiske – til og med med teljande resultat frå Vengsvatnet.

Isfiske på Vengsvatnet
Isfiske på Vengsvatnet
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Me har hatt bygdedag med ulike aktivitetar og arbeidsoppgåver som det kunne vore på 1800-talet – og me har testa ut ulike friluftsaktivitetar som skred og søk, matlaging ute og overleving i naturen i tillegg til det som handlar om ski og isfiske.

Isfiskeøkt med teljande resultat
Isfiskeøkt med teljande resultat
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Evna til samarbeid har blitt utfordra og det same har kunnskapen om påkledning for ein full dag ute i kaldt vær.

Kort fortalt så har me hatt ei skikkeleg leirskuleveke i vinterdrakt.

Det har vore veldig kjekt for oss på leirskulen å ha første skuleveke saman med elevar og lærarar frå Nattland. I skrivande stund er bussane akkurat kjørt ut gjennom porten og på veg heim.

Korleis lage bål...
Korleis lage bål...
Bilde: Hålandsdalen leirskole

God tur heim og god helg til dykk alle!