Vel, grum eller ikkje, vintertemperaturane kan vera ei utfordring for nokon kvar. Minusgrader i kombinasjon med vind er kaldt, ja til og med plussgrader i kombinasjon med vind kan vera kaldt nok. For å mestre slike forhold krevs det erfaring med både påkledning og aktivitetsnivå. Elevane frå Alvøen og Fjellsdalen har opplevd mykje på leirskule – blant anna skaffa seg nokre erfaringar med vinterfriluftslivet.
Vinteren har, omsider, stramma grepet kring Hålandsdalen. Me har, akkurat nok, snø til å gå på ski og truger samstundes som me har trygg is på vatna me nyttar med elevar på leirskule.
Tysdagen denne veka stod skileik på programmet. Me nytta oss av skiløypene på Bygdastølen og «kasta» elevane inn i masse rare øvelsar med ski på beina. Målet var å utfordre balanse og motorikk slik at skiferdigheitene blei betre utover dagen.
Onsdag var det bygdedag med hovudtema arbeidsoppgåver og aktivitetar slik det kunne sett ut på slutten av 1800-talet. Føremiddagen var elevane fordelt mellom ulike stasjonar; jernarbeid, gamlestova, skinnarbeid, syltetøykoking, toving og trearbeid stod alle på programmet. Ettermiddagen vart via friluftsaktivitetar. Nok ein gong var elevane fordelt mellom ulike stasjonar men no var det uteaktivitetar som isfiske, skigåing, matlaging ute og «overleve ute» som gjaldt.
Torsdagen betydde ny full utedag. Denne gongen var gruppa delt i tre og elevane fekk kome med ynskje om kva dei ville drive med. Det betydde at nokre var på skitur til Heihillerhornet, andre prøvde seg med truger på beina i retning Holdhusstølen medan ein stor gjeng heldt til i lavlandet med fottur i skogen samt ei økt med isfiske. Felles for alle gruppene var fokuset på (vinter)friluftslivet og kunsten å lage eige bål. Alt dette måtte handterast på tross av at vinden frå nordaust sette krav til både fysisk aktivitet og psykisk styrke.
Når me då legg til måndag og fredag som velkomst og avreisedag er leirskuleveka komplett og det er tid for avreise.
Takk for ei strålande vinterveke saman med både elevar og lærarar frå Alvøen og Fjellsdalen. God tur heim og riktig god helg.