Førebudd på regn...
Førebudd på regn...
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Veke 45 - Garnes og Ny-Krohnborg

Ull innerst, ull eller fleece i midten og «værtett» ytterst. Dette er oppskrifta på ein god utedag i kaldt eller vått vær. Det gjeld å vera førebudd - så kan me heller bli positivt "væroverraska"...

Ferdig påkledd og klar for dag på Vengsvatnet
Ferdig påkledd og klar for dag på Vengsvatnet
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Me kallar det gjerne trelags-prinsippet i friluftsverda – noko elevane frå både Ganes og Ny-Krohnborg har fått høve til å kjenne på. Det handlar eigentleg om å utnytte sin eigen kroppsvarme best mogleg. Ull innerst transporterer fuktighet frå kroppen vekk – og skulle ulla bli våt og fuktig så varmar den like fullt. Ull eller fleece i midten gjer at meir av kroppsvarmen blir verande rundt kroppen og held den varm. Ytterst, for å stoppe vind og regn, trengs eit lag med «værtette» kle – regnkle eller utejakke/utebukse er gode døme på slike.

Skogsdag med gruppebål - lærarbålet er klar for å bli "kveikt"
Skogsdag med gruppebål - lærarbålet er klar for å bli "kveikt"
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Trass litt rufsete værmeldingar, som absolutt burde gje gode høve til å øve på trelags-prinsippet, har været vore på «vår side» store delar av veka. Både Ny-Krohnborg og Garnes har latt sine elevar utforska Vengsvatnet med kanopadling, robåtar, garntrekking og fisk. Me har, blant anna, hatt studie av fisk – både utvendig og innvendig (enkelt sagt sløying av fisk).

På besøk i Gamlastova på leirskulen
På besøk i Gamlastova på leirskulen
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Skogstur med gruppebål og gradorientering har òg stått på programmet for alle som har vore på leirskule denne veka. Ny-Krohnborg hadde sin tysdag i nordleg retning, mot Heihiller. Her vart det laga fire elevbål under hidlaren – med regnet dryppande på utsida. Garnes tok turen i sørleg retning på torsdag. Tematikken var den same som for Ny-Krohnborg med leirbål og gradorienering på veg heimover etter lunsj.

Onsdag betydde bygdedag og friluftsaktivitetar. Elevane prøvde seg på eit handverk eller ein aktivitet slik livet kunne ha gått føre seg på slutten av 1800-talet. Friluftsaktivitetane onsdag ettermiddag gav alle elevane høve til å fordjupe seg i ein type friluftsaktivitet.

Bygdedag og aktivitet Toving
Bygdedag og aktivitet Toving
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Måndag var, som vanleg dagen for å bli kjent med både plass og nye menneske. Fredag var, som vanleg, avreisedag med utpakking og avslutning av veka.

Takk for ein kjekk haustveke saman med elevar og lærarar frå Garnes og Ny-Krohnborg.

Tross alt betre vær enn (vær)meldingane viste i starten av veka
Tross alt betre vær enn (vær)meldingane viste i starten av veka
Bilde: Hålandsdalen leirskole

God helg!