Ein plass å gøyme seg frå været...
Ein plass å gøyme seg frå været...
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Veke 46 - Lyshovden og Møhlenpris

Året er fullt av skifte – skifte frå sommar- og til vintertid, skifte av vær, skifte av årstider og så vidare og så vidare.

Godværsdag i siste veke med haustleirskule
Godværsdag i siste veke med haustleirskule
Bilde: Hålandsdalen leirskole

På leirskulen i Hålandsdalen har me òg våre eigne skifte av «årstider». Denne veka var siste veke før eit slikt byte av «årstid». Dette var nemleg siste veke med «Haustleirskule» - dei neste vekene er det «Juleleirskule» som gjeld. 

Kanopadling på Vengsvatnet
Kanopadling på Vengsvatnet
Bilde: Hålandsdalen leirskole

For elevane frå Lyshovden og Møhlenpris har det vore ei særs innhaldsrik veke med haustleirskule. Me har arbeidd oss igjennom dei klassiske samarbeidsaktivitetane måndag ettermiddag, samt det obligatoriske besøket i gamle Holdhus kyrkje på fredag føremiddag. Elevane har blitt (litt) kjend på ein ny plass og ikkje minst dei har skaffa seg nye kjenningar blant elevar frå Bergen.

Til fots gjennom skogen
Til fots gjennom skogen
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Men ikkje minst har me gjennomført ei heil rekkje av ulike undervisningsaktivitetar. Tysdag og torsdag var begge «rigga» for ein dag på vatn – Møhlenpris på tysdag og Lyshovden på torsdag der Vengsvatnet var undervisningsstad med tema fisk og ferskvatn. Der trekte me garn, studerte fisken (både på utsida og på innsida) og fekk til og med høve til ein liten smakebit av sjølvfiska aure og røye.

Fiskeøkt i haustsolq
Fiskeøkt i haustsol
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Onsdag var bygdedag – dagen då me skrur tida tilbake til slutten av 1800-talet. Elevane nyttar føremiddagen til å prøve seg på ein handverksaktivitet eller ei arbeidsoppgåve slik den kunne sett ut på den tida. Ettermiddagen gjekk med til ein type friluftsaktivitet i leirskulen sitt nærområde, før kvelden kom og me var på besøk hjå familen Håland.

Resultat frå Tønneverkstaden onsdag føremiddag
Resultat frå Tønneverkstaden onsdag føremiddag
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Både tysdag og torsdag hadde òg andre tema enn på vatn. Lyshovden nytta sin tysdag i skogen med ansvar for eige bål og deretter gradorientering på programmet. Møhlenpris, på si side, hadde sin andre utedag torsdag – og dei avslutta årets haustleirskule med tur mot Øykjafjell med tema krigshistorie.

Snart klart for smakebit av steik fisk frå Hålandsdalenq
Snart klart for smakebit av steik fisk frå Hålandsdalen
Bilde: Hålandsdalen leirskole

I skrivande stund er siste avreise frå årets haustleirskular akkurat gjennomført. Takk for denne gong til elevar og lærarar frå Lyshovden og Møhlenpris. 

 Riktig god helg til alle som ein.