På juleleirskule skal kvar av dagane symbolisere viktige moment å ha kontroll på fram mot, og under julehøgtida. Tysdag skal symbolisere hausten og alle førebuingane som burde/skulle gjerast fram mot julehøgtida og den komande vinteren.
Gjennom hausten skulle mellom anna alle råvarer frå naturen takast vare på. Råvarer knytt til mat og matlaging var det aller mest sentrale, men òg “råvarer” knytt til vedlikehald og produksjon av andre produkt som skulle nyttast gjennom jula og utover vinteren.
“Hausten” denne veka (altså tysdagen), har elevane vore med og ta vare på kornet. Det har blitt baka lefser og krumkaker, samt at mjølet har blitt brukt i produksjon av leverpostei. Vidare har elevane tatt vare på mjølka gjennom produksjon av smør. I tillegg har elevane partert kjøt frå dyr som er slakta og produsert både pølser, sylteflesk, lamme- og hjorterull. Sist, men ikkje minst, har elevane vore med på å produsere eplesaft som fungerte som velkomstdrikk til julemiddagen.
Som om ikkje det var nok er det blitt produsert mellom anna stearinlys, ostehøvlar, leikar, fuglebrett og ulike skinn- og ullprodukt. Alt saman knytt til det viktige arbeidet gjennom hausten.
Elles gjennom veka har elevane blitt kjent med kvarandre - på tvers av skular. Me har vore i skogen og laga bål og henta heim juletre. Det har blitt utført “julebad” på vesle julaftan (onsdag).
“Julafta”, torsdag, vart det produsert julepynt og pynta både juletre og hus. Til kvelden var det høgtidleg bordsete med vestlandsskikken pinnekjøtt, kålrabistappe, sjølvproduserte pølser og riskrem til dessert. Kvelden vart avslutta med juletregang, leikar og formidling av tradisjonar rundt juletre og julegåver.
Me takkar for ei hektisk, men samstundes fin fyrste juleveke saman med dåke alle frå Hjellestad og Apeltun. Ynskjer alle ei riktig god førjulstid ❤️