For elevane frå Ulsetskogen og Ytre Arna handla onsdagen, mellom anna, om å bli litt betre kjend med tradisjonen rundt juletreet og når skikken kom til Noreg. I tillegg er «vesle julaftan» dagen for det store julebadet – eit skodespel der elevane sjølve viser fram ulike moment knytt til hygiene rundt juletider i gamledagar.
Juletretradisjonen kom til Norge saman med auka kontakt med resten av Europa - utover på 1800-talet. I byane vart skikken meir eller mindre kopiert, mens på landsbygda vaks det fram ein eigen vri. På landsbygda var det ikkje nødvendigvis det beste (les finaste) treet som fekk vera juletre, men gjerne eit tre som hadde dårleg potensiale som byggjematerial i framtida. Løysinga på ei slik estetisk utfordring var gjerne å setje inn nye greiner – omtrent som om juletreet var eit byggjesett som måtte monterast.
Sjølv om me på leirskulen ikkje føl «byggesett»-linja ved val av juletre, så er det like fullt eit moment me kan ta opp når me har ein dag i skogen der målet er å kome heim med eit juletre.
I tillegg har me denne veka helde på med ulike typar handverk. Det har vorte produsert mat mot som skulle brukast under sjølve julefeiringa, og elevane har prøvd seg på ulike handverkstradisjonar og ikkje minst produksjon av ulike typar julepynt med utgangspunkt i naturmateriale. Alt dette, og meir til, har vore oppbygginga til «julekvelden» torsdag samt første juledag på fredag.
Med dette var den andre av årets juleleirskuleveker komen til ende. Takk for ei kjekk veke saman med elevar og vaksne frå Ytre Arna og Ulsetskogen. Me ynskjer dåke alle ei fin og kjekk førjulstid heime på eigne skular fram mot jul.