God jul
God jul
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Veke 51 - Nordnes og Kyrkjekrinsen

«Nå har vi vaska golvet og vi har børi ved. Og vi har sett opp fuggelband og vi har pynte tre». Starten på Julekveldsvisa passar også godt til ei veke på juleleirskule i Hålandsdalen.

Årets siste juleleirskule er til vegs ende. I fem veker har elevane lært om

God jul
God jul
Bilde: Hålandsdalen leirskole

 tradisjonell norsk julefeiring. I praksis vil dette sei å gje elevane eit innblikk, og læra dei om kva førebuingar som var sentrale fram mot jul og vinter. Samt gje dei eit døme på ei julefeiring slik den kunne vore på slutten av 1800-talet. 

Utgangspunktet er, som gjennom heile året, korleis livet var på landsbygda. Folk flest var gjerne ei blanding mellom handverkarar og gardbrukarar. Eit av momenta me tek opp er kva arbeidsoppgåver som var nødvendige å ha fullført før mørketida, julefeiringa og vinteren sette inn for fullt. Mellom anna handla det om bruk av utmarka, spesielt skogen, for å skaffe dei «råvarene» som trongst gjennom vinteren. For oss på juleleirskule munnar dette fokuset ut i både førebuing og tilbereding av julemat, produksjon av ulike gjenstandar samt tradisjonane rundt juletre og  juletrehogst.

Pynting av juletre
Pynting av juletre
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Vidare utover veka har me vore innom «det store julebadet» - eit skodespel som viser den tids hygienepraksis. I tillegg er dette med på å byggje opp veka fram til sjølve julefeiringa torsdag kveld. Men før sjølve feiringa startar, ja, då må all julepynten og juledekorasjonane lagast og setjast i stand, slik at juletreet kan skine på julekvelden. 

Siste veke på leirskule i 2025 vart avslutta med ein ekstra lang 1. juledagsfrukost – der kun det beste av mat var sett fram. For elevane var det deretter utpakking før turen gjekk til gamlekyrkja.  Fredagen vart runda av med varm lunsj i matsalen før bussane returnerte til Bergen med elever og lærarar frå Nordnes og Kyrkjekrinsen.  

Etter fem veker til ende med juleleirskule har me prøvd å gje elevane svar på fylgjande spørsmål: Kva er historia bak mange av dei juletradisjonane me kjenner til i dag? 

Vekas "klokker"
Vekas "klokker"
Bilde: Hålandsdalen leirskole

God «ekte» julefeiring til alle frå oss ved Hålandsdalen leirskole.