Vinterkveld på leirskulen
Vinterkveld på leirskulen
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Veke 8 - Haukås og Li

Etter mange veker med (litt) snø og godt med kulde, så snudde vinteren seg aldri så lite denne veka. Kort sagt – me har fått eit etterlengta påfyll med snø i Hålandsdalen.

Straks fullført ein runde i "Nyeløypa" på Bygdastølen...
Straks fullført ein runde i "Nyeløypa" på Bygdastølen...
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Elevane frå Haukås og Li har, takka være snøfallet siste dagane, både fått bruke ski, truger og akematter – i tillegg til mykje anna på vinterleirskule. Fellesnemnaren for, bortimot, alt dette er fysisk aktivitet. I ein kvardag med færre og færre timar fysisk aktivitet kan slike dagar og veker utgjere ein liten forskjell den andre vegen. Ein auke i fysisk aktivitet vil gje store, positive, utslag når det kjem til å bygge ein kropp som står seg betre gjennom (vaksen)livet.

På veg gjennom skogen - retning Vengsvatnet
På veg gjennom skogen - retning Vengsvatnet
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Skal me klare å fremje denne aktiviteten er det viktig å leggje til rette for den. Leirskuleveka har, mellom anna, som mål å innehalde mykje fysisk aktivitet. Denne veka har me hatt to fulle utedagar, tysdag og torsdag, der halve gruppa har vore på ski og halve gruppa gjennom skogen og til isfiske. Skigruppa nytta seg av dei preparerte løypene på Bygdastølen ski- og tursenter, medan isen på Vengsvatnet var lokasjon for isfiske. Denne delinga ha gjort at alle har fått sjansen til begge deler.

Intro til trygg ferdsel på is
Intro til trygg ferdsel på is
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Onsdag var, denne veka òg, bygdedag. Føremiddagen gjekk med til å teste ut arbeidsoppgåver og aktvitetar utan bruk av moderne teknologi – rett og slett med eigne fingrar, musklar og hovud som hjelpemiddel.

Trugevandring i snøen
Trugevandring i snøen
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Ettermiddagen handla om friluftsaktivitetar – ei økt der elevane valgte seg ein type uteaktivitet dei fekk fordjupe seg i. Her varierte det mellom ski, truger, skred og søk, matlaging ute og overleve ute.

Operasjon kløyve ved...
Operasjon kløyve ved...
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Tysdag, onsdag og torsdag var dei tre store og mest innhaldsrike dagane i ei leirskuleveke. Men både måndag og fredag har sine tema, oppgåver og utfordringar som må gjennomførast. 

Når det er gjort, ja då er òg endå ei leirskuleveke gjennomført. Då elevane sette seg i bussen, med retning heimover, var det heim til vinterferie.

Matlaging ute - med bålet i midten
Matlaging ute - med bålet i midten
Bilde: Hålandsdalen leirskole

God tur heim og riktig god vinterferie til elevar og lærarar frå Haukås og Li.