Trengereid skule
UTAN ELEVAR: Skulen på Trengereid har i år ingen elevar. No tilrår byrådet nedlegging, men ønskjer innspel.
Bilde: Synnøve Aas

Nedlegging av Trengereid skule på høyring

Byrådet tilrår at skulen på Trengereid vert lagt ned, men ønskjer innspel frå dei det gjeld og sender saka på høyring. Fristen for innspel er 5. oktober.

Trengereid oppveksttun består av ein skule- og ein barnehagedel. Skulen har dei seinare åra hatt færre og færre elevar, og hadde førre skuleår kun 18 elevar. Vinteren og våren 2023 melde fleire foreldre frå om at dei søkte barna sine inn på andre skular frå skulestart hausten 2023, slik at forventa elevtal ved skulestart nede i fem elevar. 

Flytta til Garnes

Ut frå ei vurdering av barnets beste vart det administrativt bestemt at undervisninga ikkje kunne haldast oppe frå hausten 2023, og dei fem elevane fekk derfor skuletilbod på Garnes barneskule om lag 1 mil unna.

Dei tilsette har framleis eit tilsetjingsforhold til Trengereid oppveksttun – skule, men alle har følgt elevane til Garnes barneskule som ei overgangsordning. I høyringsforslaget synleggjer byrådet det rettslege grunnlaget for nedlegging av Trengereid oppveksttun - skule, og vurderer konsekvensane for elevar og lærarar ved ei eventuell nedlegging. 

Gje innspel før 5. oktober

Medan byrådet sitt forslag er å legge ned skulen ved årsskiftet, tilrår dei at Trengereid barnehage blir halden oppe inntil fleire barnehagar er realiserte i Arna bydel. 

For å få rimeleg kjennskap til synspunkta hjå dei som eit vedtak om nedlegging vil ha verknad for, sender byrådet forslaget om nedlegging på høyring. Høyringsfristen er 5.oktober.

Aktuelle høyringsinstansar: Trengereid Vel, FAU ved Trengereid oppveksttun avdeling barnehage, FAU ved Garnes barneskule, Utdanningsforbundet, Skolelederforbundet, Skolenes Landsforbund, Norsk Lektorlag, Delta og Fagforbundet.

Her er sakene fra byrådet 14. september