Ønskjer kjøpe Eventyrskogen skole

Byrådet rår til å kjøpe eigedomen til Eventyrskogen skole for 21,5 millionar kroner.

Eventyrskogen ligg i Heien og er ei avdeling av Krohnengen skole. Eventyrskogen har 68 elevar i 1. til 4. trinn. Avdelinga er for elevar i den ytste delen av skulekrinsen.

Bergen kommune har leigd lokala frå Sudmannske stiftelse. Leigekontrakten går ut ved nyttår. I gjeldande skulebruksplan har det vore eit vedtak om at kommunen skulle gå i drøftingar med stiftinga om å kjøpe eigedomen. I leigeavtalen har kommunen hatt rett til å kjøpe eigedomen på konkurransemessige vilkår.

Drøftingane er gjennomførte etter at både stiftinga og kommunen har henta inn verdivurderinga av eigedomen. Kjøpesummen, som bystyret skal ta stilling til, er på 21,5 millionar kroner.

Byrådet rår til at kjøpet vert gjennomført slik det går fram av saksframstillinga.

Saka skal behandlast vidare i utval og bystyre.

Les dokumenta i saka

Her er sakene fra byrådet 19. oktober