En sveitservilla i okergul farge med grønne vinduslister
BARNEHAGEVILLA: Kalfarveien barnehage held til i ein sveitservilla på Kalfaret. No har rekninga for totalrehabiliteringa kome.
Bilde: Ola Henning Målsnes

Rimelegare barnehage på Kalfaret

Sluttrekninga for arbeidet med å totalrehabilitere Kalfarveien barnehage er komen: Barnehagen vart 9,5 millionar kroner rimelegare enn det kommunen trudde då gjennomføringsvedtaket vart fatta.

Barnehagen ligg i eit fint strøk og har etter totalrehabiliteringa blitt strøken. Totalt har det kosta kommunen 60 millionar kroner å gjennomføre desse arbeida. Kostnaden er vesentleg lågare enn det som låg til grunn ved gjennomføringsvedtaket og sist justerte budsjett. 

Samanliknar du sluttrekninga med gjennomføringsvedtaket vart barnehagen 9,5 millionar kroner billegare. Og sluttprisen er 4,5 millionar kroner mindre enn det justerte budsjettet for prosjektet.

Det skal seiast at det står att eit sluttoppgjer for opprustinga av uteområde ved Forskjønnelsen. Kostnaden for dette er om lag 750.000 kroner.

Sveitservilla 

Barnehagebygget er ein sveitservilla frå 1870. Bygget har gjennom åra blitt nytta til bustad, barneheim og dei seinaste åra har det vore barnehagedrift i bygget.

Bygget ligg midt i villastrøket på Kalfaret. Her er det fleire bygg som er typiske for si tid og som har høg arkitektonisk verdi. Difor har rehabiliteringa blitt utført i tråd med tilrådingane frå Byantikvaren. Særpreget ved bygget er tilbakeført og tatt vare på. Fleire detaljar om kva som er gjort, finn du i fagnotatet frå Etat for utbygging.

Funksjonell sentrumsbarnehage

Byrådet synest Kalfarveien har blitt eit flott bygg i byen. Prosjektet er gjort med stort respekt for dei arkitektoniske og tidsriktige detaljane i bygget. Samstundes har barnehagen blitt ein god og funksjonell sentrumsbarnehage. Utearealet blir òg brukt av nærområdet etter opningstida til barnehagen. Samarbeidet med Bymiljøetaten har vore godt i samband med tilleggsareal i Forskjønnelsen. Byrådet rår til at sluttmeldinga blir godkjent.

Saka går vidare til utval og bystyre.

Les dokumenta

LES OGSÅ: Her er sakene fra byrådet 23. november

SE OGSÅ: Abonner på nyhetsbrev fra Bergen kommune