Kronstad oppveksttun sett frå lufta med gangbru mellom bygga
GODKJENNING: No skal sluttrekninga for bygginga av Kronstad oppveksttun godkjennast.
Bilde: Etat for utbygging

Skal godkjenne sluttmeldinga for Kronstad oppveksttun

Kronstad oppveksttun vart 64,8 millionar kroner billegare enn justert budsjett. No skal sluttrekneskapen for prosjektet godkjennast.

Gamle Kronstad skole og Hunstad skole er bygd om til eit nytt oppveksttun. Dei to gamle skulane er totalrehabiliterte og bygd saman. Oppveksttunet, altså både skule og barnehage, er for lengst tatt i bruk. Og no har sluttrekninga for prosjektet kome.

Då prosjektet blei avslutta hadde gått med 533,7 millionar kroner i utgifter. Det er eit mindreforbruk på 64,8 millionar kroner samanlikna med justert budsjett. Det er likevel eit meirforbruk om du samanliknar med budsjettet som låg til grunn då vedtaket om å gjennomføre prosjektet blei gjort. I byrådssaka og fagnotatet er det gjort reie for årsakene til kostnadsutviklinga.

Dei to skulane er bygd saman med ei gangbru over Jonas Lies vei. I tillegg til rehabiliteringa er det gjort rivingar, ombyggingar og tilpassingar for å gjere bygningsmassen funksjonell til føremålet.

Arbeidet med skisseprosjektet starta opp i august 2016. Byggearbeida tok til i august 2020. Entreprenøren overleverte nøklane til kommunen 27. juni 2022. Og 1. august 2022 kunne det nye oppveksttunet takast i bruk.

Byrådet synest prosjektet har vore svært vellukka. På sikt er det eit mål at oppveksttunet skal bli eit naturleg samlingspunkt for heile nærmiljøet, også utanom skuletida. Byrådet rår til at sluttmeldinga vert godkjend.

Saka går vidare til utval og bystyre.

Les dokumenta i saka

Her er sakene fra byrådet 19. oktober