Legg fram statusmelding for Felles innsats mot ungdomskriminalitet

Hausten 2024 fatta Bergen bystyre vedtak i saka «Felles innsats mot ungdomskriminalitet». No legg byrådet fram statusmelding på oppfølginga av vedtaket.

Utfordringsbiletet frå då byrådet la fram saka «Felles innsats mot ungdomskriminalitet» gjer seg framleis gjeldande. Sjølv om den registrerte kriminaliteten i dag er på eit lågare nivå enn i perioden 2002–2010, er det ei markant auke i kriminalitet utført av barn under 15 år. Mange av lovbrota er av alvorleg karakter, som vald, ran, trugslar og narkotikalovbrot.

Utviklinga i Bergen skil seg ikkje ut frå utviklinga elles i landet, og det har vore naudsynt med nasjonale verkemiddel for å sikre eit handlingsrom for kommunane slik at barn og unge i målgruppa kan få betre hjelp og oppfølging. Bergen kommune er ein av få kommunar som har fått øyremerkte midlar til satsingane som kom av denne saka.

Tiltaka som er sette i verk

Oppfølginga av innsatspakka skjer i samarbeid mellom Byrådsavdeling for barnevern, sosiale tjenester og mangfold og Etat for barn og familie.

Koordinering og oppfølging av barn og unge som har gjentatt kontakt med politiet

Tiltaket «U15- Ungdomskriminalitet» ei hovudsatsing i innsatspakka. Politiet henviser ungdom til tiltaket, som skal sikre tverrfagleg og individuell tilrettelagt oppfølging, samt sikre at hjelpa kjem tidleg for barna og familiane. U15 er testa ut gjennom eit pilotprosjekt hjå Utekontakten, og er planlagd som eit treårig prosjekt.

Beredskapsteam

Bergen kommune har fått tilskot frå Utdanningsdirektoratet for etablering av beredskapsteam. Teama skal bidra til å førebygge barne- og ungdomskriminalitet og skape trygge skule- og nærmiljø. Arbeidet skal bidra til heilskapleg og kunnskapsbasert innsats, og er forankra i både Byrådsavdeling for barnevern, sosiale tjenester og mangfold og Byrådsavdeling for barnehage og skole. 

Hurtig kartlegging og handling (HKH) – Ran blant mindreårige i Bergen

Som fylgje av aukande uro knytt til ungdomskriminalitet og der ran blant unge var ein del av utfordringsbiletet, blei det gjennomført ein HKH for å få meir kunnskap om temaet og situasjonsbiletet i Bergen. Rapporten inneheld anbefalingar for praksis og 10 forslag til tiltak. Fleire av tiltaka er allereie iverksett eller under planlegging og kan sjåast i samanheng med fleire av tiltaka som er iverksett gjennom innsatspakka. 

Arbeid til unge – Lommepengeprosjekt

Formålet med dette tiltaket er å legge til rette for at ungdom mellom 15–17 år utan arbeidserfaring skal få oppleve inkludering og meistring gjennom tilknyting og kvalifisering til arbeidslivet. Etat for barn og familie har fått i oppdrag å utgreie korleis ei lommepengeordning kan innrettast og iverksettast, og kva samarbeidsaktørar som er relevante inn i eit slikt prosjekt. Tiltaket finansierast gjennom statlege tilskot og midlar frå områdesatsinga. 

SLT – Vidareutvikling og oppfølging av innsatsar

I 2024 og 2025 har SLT-koordinatorane arbeidd med tiltaksutvikling, pilotering og prosjektorganisering av nye innsatsar. Samtidig er pågåande SLT-innsatsar styrka, og nasjonalt og internasjonalt samarbeid gjennom KS og Nordic Safe Cities har hatt høg prioritet. Samla gjev dette eit godt kunnskapsgrunnlag for å vurdere korleis potensiale i SLT-ordninga kan utnyttast, særleg med tanke på SLT som pådrivar for tiltaksutvikling i kommunen.

Digitalt oppsøkande arbeid og SoMe-kompetanse for tilsette og føresette

Mange barn og unge i dag lever store delar av livet sitt på nett. Utekontakten har vore sentral i utviklinga av digital oppsøkande verksemd både lokalt og nasjonalt. Gjennom Nordic Safe Cities og Trygg By Norge vart det tildelt kr. 1 940 000,- frå Gjensidigestiftelsen til å vidareutvikle Utekontakten sitt digitale feltarbeid. Bergen skal også pilotere «Digitale Team» i regi av Nordic Safe Cities. Formålet med dette prosjektet er å styrke digital tryggleik og digitalt førebyggande arbeid gjennom å forstå og møte digitale risikoar.

Miljørettleiarar i skulen – nettverk og struktur

Det er satsa på miljørettleiarar i skulen. I budsjettet for 2024 vart det løyvd 8 millionar kroner til å tilsette fleire miljørettleiarar i Bergensskulen

Gode fritidstilbod i bydelane og samarbeid med frivillige- og ideelle organisasjonar

I desember 2024 samla Bergen kommune deltakarar frå frivillige- og ideelle organisasjonar, kommunale tenester og SLT-koordinator. Formålet var å legge til rette for nye samarbeid mellom aktørane, og det vart inngått 79 avtalar mellom organisasjonane. I desember 2025 skal det arrangerast ei oppfølgingssamling for å leggje til rette for meir samarbeid.

Bergen kommune vert medlem av Nordic Safe Cities

Bergen kommune vart medlem av Nordic Safe Cities i 2024 i etterkant av vedtak i bystyret. Medlemsskapet inneheld også deltaking i nettverket «Trygg by Norge». Nordic Safe Cities har jamlege webinar og digitale møter som Bergen deltek på, både som tilhøyrarar og bidragsytarar.

Foreldreråd

Etat for barn og familie har iverksett ein pilot om foreldreråd. Foreldreråd arbeider med barn og unge det er knytt uro til, som for eksempel utanforskap, skuleproblematikk, mobbing, konflikt, rus og kriminalitet. Formålet med modellen er å skape støttande vaksennettverk, spele på eksisterande ressursar og styrke foreldra si rolle ovanfor barna sine behov og utvikling.

Saka blir levert til handsaming i Utvalg for helse og sosial og vidare til bystyret.

Les dokumenta i saka

SE OGSÅ: Les sakene fra byrådet 20. november