Vil nedfelle sitat av Jon Fosse sentralt i Bergen

Byrådet ønskjer å heidre Jon Fosse ved å felle ned sitat frå forfattarskapen hans i bybiletet.

Byrådet ønskjer at sitata skal plasserast sentralt i Bergen. Døme på ei plassering er ved Det Vestnorske Teateret, Litteraturhuset i Bergen, Torgallmenningen eller andre sømande stader.

Vil heidre Fosse og nynorsken

-  Forfattarskapen til Jon Fosse står allereie som ein viktig bauta for Bergen, Vestland og Noreg. Når Fosse no får Nobelprisen i litteratur, stig han inn i historia som ein forfattar for heile verda, seier kulturbyråd Eduardo Andersen.

Byrådet peiker på at Bergen er nynorskhovudstaden, og at nynorsken har styrkt seg som det fremste merket for vestlandsk identitet. Fleire av bøkene til Fosse speler seg ut her; i gatene i Bergen og ved fjordane våre.

- Slik sett er det naturleg at formuleringane til Fosse blir ein konkret og synleg del av byen Bergen, seier kulturbyråden.

Vil utlyse konkurranse

Byrådet anbefaler at prosjektet følgjer dei same reglane som gjeld for å anskaffe kunst i offentlege rom, med etablering av kunstutval og gjennomføring av kunstnarkonkurransar.

Saken skal vidare til handsaming i utval og bystyre.

Les dokumenta i saka

Her er sakene fra  byrådet 19. oktober