Tilleggsinnstillinga er, saman med annan budsjettdokumentasjon, grunnlag for budsjettvedtaket til bystyret. Utval for finans, kultur og næring kjem med innstilling 11. desember og bystyret skal vedta budsjettet 17. desember.
Må gjere det mogleg å investere
Netto utgifter aukar med 50 millionar kroner før effektane av budsjettforliket i Stortinget er innarbeidde. Forliket på Stortinget gav Bergen kommune 154 millionar kroner ekstra. Byrådet meiner det er avgjerande å nytte dei auka inntektene til å styrkje driftsresultatet. Dette må til for å gjere nødvendige investeringar.
- Bergen kommune står framleis i ein krevjande situasjon. Sjølv om det er gjort store grep for å snu økonomien, er vi enno ikkje i mål. Bergen kommune gjekk med kraftig underskot i 2024, og gjeldsgraden til kommunen vil auke i den kommande planperioden. Difor er det heilt avgjerande å bruke dei auka inntektene til å bygge opp igjen kommunens økonomi. Dette er eit naudsynt steg i riktig retning, men det er inga kvilepute. Bergen står framfor fleire år med krevjande omstilling, seier finansbyråd Eirik Tenfjord.
Dyrare boss, rimelegare vatn
Regjeringa har vedteke endringar i sjølvkostforskrifta for vatn- og avløpsanlegg. Endringane kom for seint til å bli innarbeidde i innstilling 1, men dei er tatt med i tilleggsinnstillinga.
Det er også i tilleggsinnstillinga endringar i gebyra for renovasjon. Årsaka er nye statlege krav til kjeldesortering og innsamling av boss.
- For bosstømming vil grunngebyret auke frå 3.581,44 i 2025 til 4.863,35 kroner i 2026. Auken dekker ei generell prisauke samt auka utgifter til nye utsorteringskrav.
- Abonnentane vil oppleve ein reduksjon på åtte prosent på vatn- og avløpsgebyret og ein reduksjon på fire prosent for å tømme septiktankar samanlikna med 2025. Årsgebyret for ein gjennomsnittleg abonnent vil vera 7.389 kroner samla for vatn og avløp. Reduksjonen på 642 kroner skuldast at meirverdiavgifta gjekk ned frå 25 til 15 prosent frå 1. juli 2025.
- Det er sjølvsagt ikkje bra at gebyra samla sett går opp. Dette skuldast nye nasjonale krav for bosshandtering. Mange bergensarar har allereie lagt merke til at det er rulla ut mange fleire bosspann, og dette kostar pengar. At gebyra går opp er ein direkte konsekvens av at staten legger strenge føringar for kommunane, som må lempast over på innbyggarane, seier byutviklingsbyråd Eivind Nævdal-Bolstad.
Utfylling til cruisekai
I investeringsbudsjettet er det føreslått ein auke på 52 millionar kroner i 2026.
Byrådet føreslår å setje av midlar til eit nytt forprosjekt for utbetring av Klostergarasjen. Det er òg framlegg om å setje av 30 millionar kroner ekstra til å starte arbeidet med å fylle ut i Jekteviken. Dette er viktig for å løyse utfordringane med cruisekai i Bergen.