En kurve som viser kommunens likviditet gjennom året
Figuren viser utviklinga i likviditeten til kommunen gjennom 2023 (blå linje) og 2022 (grøn linje).

Legg fram rapport om finansane

Byrådet legg fram ein rapport om korleis kommunen forvalta finansane i 2023. Byrådet er uroleg for at ein aukande del av driftsinntektene går til å betale renter og avdrag.

Rapporten om finansforvaltinga til Bergen kommune er ein årleg samla rapport. Rapporten fortel om likviditeten, gjelda og garantipliktane til kommunen.

Auka renter

Renteauke og høgare gjeld førte til at renteutgiftene var vel 396 millionar kronar høgare i 2023 enn i 2022. Samtidige auka renteinntektene med 308 millionar kroner. Sum netto renter og avdrag auka med 128 millionar kroner frå året før.

Rente- og gjeldsnivået gjer at ein større del av driftsinntektene til kommunen går til å betale renter og avdrag. Det gjer at rammene til drifta av tenestetilbodet vert redusert tilsvarande. Den prosentvise gjeldsveksten er høgare enn den prosentvise veksten i driftsinntektene. Då aukar òg brutto og netto gjeldsgrad. Byrådet skriv i meldinga at dei ser med aukande uro på denne utviklinga.

Her er nokre hovudpunkt frå finansrapporten:

  • Bergen kommune har gjennom heile 2023 hatt svært god likviditet til å dekke løpande betalingsplikter.
  • Kommunen tok opp grøne lån for å finansiere fire større investeringsprosjekt. 560 millionar kroner vart lånte for å finansiere prosjekta Bergen inkluderingssenter og Tveiterås skole.
  • Den langsiktige gjelda var på 26,2 milliardar kroner ved utgangen av 2023 og vaks med 1,9 milliardar frå året før.
  • Renteutgiftene utgjorde 3,4 prosent av gjennomsnittleg langsiktig gjeld og ubrukte lånemidlar. Dette var ein auka på 1,5 prosent frå året før.
  • Renteutgiftene målt i prosent av langsiktig gjeld vart litt lågare enn det som var gjennomsnittet for dei andre storkommunane i Noreg.

Byrådet rår til at bystyret tar rapporten til orientering.

Saka går vidare til utval og bystyre.

Les dokumenta

Les sakene fra byrådet 23. og 25. april