Elevane frå Bønes har lagt bak seg ei vinterveke av dei sjeldne i Hålandsdalen. Me har rett og slett hatt vinterforhold som let oss drive med vinteraktivitetar av aller beste sort. Etter lengre tid med kuldegrader og austavind er isen tjukk og med ei glasert overflate som innbyr til ferdsel og aktivitet. For første gong på lenge har me kunna ta i bruk skøyter på skikkeleg vis.
Det har rett og slett vore ei fantastisk uteveke på leirskulen. Tysdagen hadde ski som fokus. Bussane frakta oss opp til skiløypene på Bygdastølen og heile dagen vart brukt ute til skileik og skiaktivitetar.
Torsdag var den andre store utedagen denne veka og no var gruppa delt. Hovudfokuset var på friluftsliv – i mange ulike former og aktivitetar. Nokre av elevane var på skitur – skitur utanfor preparerte løyper, gjennom skog, over islagde vatn og opp mot tregrensa.
Andre elevar nytta (ute)dagen sin på eit islagt Vengsvatn. Her var det ein god blanding av isfiskarar og skøytegåarar. Isfiskarane hadde base på vestsida av vatnet medan (tur)skøyteløparane skøyta seg rundt delar av vatnet. Undervegs var det òg mogleg å byte gruppe for å kunne prøve begge delar.
Felles for både ski-, isfiske- og skøytegruppa var kunsten å lage sitt eige gruppebål under lunsjen. Samarbeid, gode førebuingar og maksimalt tre fyrstikker – og vips så blei det bål til oppvarming av vatn og til grilling av sjølvlaga matpakke.
Onsdagen, i midten, var bygdedag. Føremiddagen gjekk med til ulike handverksaktivitetar og arbeidsdoppgåver slik dei kunne ha vore i gamledagar. Ettermiddagen hadde ulike friluftsaktivietar på programmet og i tillegg til ski, skøyter og isfiske prøvde nokre av elevane seg på matlaging ute.
Viss me legg til måndag og fredag som dei to dagane der me held oss mest med aktivitetar på og rundt tunet på leirskulen - ja så er nok ei leirskuleveke komen til ende.
Takk for ei flott veke til både lærarar og elevar frå Bønes.