Gå tilbake til:
Du er her:

Forskningsomtale: Tavle- og klyngemøter i helsetjenesten

Klyngemøter med visualisering på tavler kan betre teamsamarbeid og kvaliteten i helsetenestene, men det er behov for meir forsking.

Klyngemøter i helsetenesten med visualisering på tavler kan betre teamsamarbeid og kvaliteten på tenestane, men det er behov for meir forsking som skil mellom ulike klyngemøter og som inkluderer uintenderte konsekvensar av slike møter.  

Det viser oversikta Huddles and their effectiveness at the frontlines of clinical care: a scoping review frå 2021 som forskar Oddvar Førland og bibliotekar Marianne Nesbjørg Tvedt ved Høgskulen på Vestlandet har skrive forskningsomtale om.  

Bakgrunn
Sidan 2016 har det blitt innført ulike risiko-, forbedrings-, hybrid- og oppgåvetavler ved ulike avdelingar Bergen kommune. Seksjon for plan og utvikling ved Byrådsavdelingen for eldre, helse og frivillighet i Bergen kommune var derfor interessert i å sjå på kva forsking kunne fortelle om effektar, verknadar og erfaringar med tavlemøter, med særleg søkelys på heimesjukepleien/helsetenester i heimen. 

Seksjonen sendte inn ein førespurnad til prosjektet Kunnskapsoppsummeringer og Oddvar Førland og bibliotekar Marianne Nesbjørg Tvedt ved Høgskulen på Vestlandet fekk oppdraget. Dei fann ingen systematiske kunnskapsoppsummeringar som omhandla akkurat effektar, verknader og erfaringar i heimesjukepleien, men fann ein som omhandla klyngemøter generelt i helsetenesta, og har no levert ein forskningsomtale av ein artikkel som har oppsummert 132 studier.  

  • Last ned og les heile forskningsomtalen her:

Funn i 132 studier

Huddles, som kan oversettast til klyngemøter, i helsetenestene er møter med systematisk informasjonsutveksling mellom helsepersonell for å skape diskusjon, medvit og felles handlingar rundt hendingar og tiltak for pasientsikkerhet og kvaliteten på tenestane. I møtene bruker ein gjerne visualisering på tavler som viser sentrale tiltak og arbeidsprosessar ein arbeider med. 

Funn frå kunnskapsoppsummeringen
  • Klyngemøter kan ha god verknad på å forbetre team- og arbeidsprosessar, spesielt når det kjem til pasientsikkerhetskultur, tverrfagleg kommunikasjon, jobbtilfredshet og jobbengasjement.
  • Kan også ha negative konsekvensar, som økt tidsbruk og arbeidspress.
  • Framtidige studiar treng ein tydelegare avklaringar om omgrep med økt bruk av teori, modellar og rammeverk for å gjere det lettare å samanlikne effektar og erfaringar.

Kan vi stole på resultata?

Når vi oppsummerar studiar og presenterer eit resultat, er det viktig å seie noko om kor mykje tillit vi kan ha til dette. Det handlar om kor trygge vi kan vere på at resultatet speglar verkelegheita.  

Det er mellom anna viktig å vurdere overføringsverdien av resultata til norsk kontekst. Dei fleste av studiene er gjennomført i USA og i ein sjukehussamanheng. Tiltaket som er undersøkt er definert breidare enn det vi i Noreg kallar for «tavlemøter». Den omfattar systematisk informasjonsutveksling mellom helsepersonell både med og utan visuelle tavlar, der målet er å skape diskusjon, at folk skal bli medvitne og at ein skal einast om felles handlingar for pasientsikkerhet og tjenestekvalitet. Overførbarhet og relevans for tavlemøter i ein norsk heimesjukepleiesamanheng er derfor usikkert.  

Behov for meir forskning i norsk kontekst

Sidan kunnskapsoppsummeringa ikkje dekka norske forhold og erfaringar – og heller ikkje har hovudfokus på heimesjukepleien, ba Bergen kommune om referansar til eit utval enkeltstudier av rapportar og masteroppgåver som viser til erfaringar med tavlemøter i norsk samanheng. De er lista opp i forskningsomtalen.

Det er framleis mange tavler og tavlemøter på veggar i sjukeheimar og i heimesjukepleien. Dei brukes ulikt og vert kalla for ulike ting. Ein kan med fordel evaluere bruken av tavlene og gjere grep for at ein nyttar dei på den beste måten.  

Send inn kunnskapsbehov

Har du behov for å vite kva forskning som finst om det du jobbar med? No kan alle som jobbar med helse- og omsorgstenester i kommunane i Vestland og Rogaland komme med forslag til problemstillingr som er aktuelle i tenestene.