Gå tilbake til:
Du er her:
Bilde av faksimile av forskningsomtalen Boligformer for eldre
Ny forskningsomtale: Boligformer for eldre

Ny forskingsomtale: Boligformer for eldre

Kva faktorar er viktige for eldre når dei skal velgje bustad? Ny forskingsomtale frå Folkehelseinstituttet kan hjelpe kommunar når dei skal utforme nye bustadprosjekt for eldre.

Kunnskapskommunen har eit prosjekt der kommunar kan be om kunnskapsoppsummeringar og forskingsomtale av aktuell forsking dersom ein lurar på kva forsking seier når ein skal ta ei avgjerd relatert til helse- og omsorgstenester i kommunane i Vestland og Rogaland.  

Ny forskningsomtale frå Folkehelseinstituttet gir kommunane innspel på at det er behov for tverrfagleg samarbeid for å forstå kva som kan påverke eldre i valg av buform. Å tilby ei oversikt over ulike faktorarar kan hjelpe eldre i å velgje bustad basert på eigne verdiar og situasjon. 

Kunnskapsgrunnlag for politisk sak  

Bergen kommune har fleire byggeprosjekt for bustadar for eldre framover i tid, og seksjon for plan og utvikling i byrådsavdeling for eldre, helse og frivillighet i kommunen nytta seg av moglegheita av å få ei forskingsomtale som kunnskapsgrunnlag til planarbeidet før politikarar vedtar bustadformar for eldre. Avdelinga ønskte å finne ut om forsking kunne fortelje noko om korleis ulike bustadformer påverkar kostnadar og livskvalitet for eldre over 65 år utan kognitiv svikt. Kommunen var òg interessert i eldre sine erfaringar med ulike bustadformer.  

Mange faktorar spelar inn  

Helse, sikkerheit og å kunne ta eigne avgjersler er berre nokre få av dei 71 viktige faktorane som er viktige ved val av bustad for eldre over 65 utan kognitiv svikt. Faktorar som er mest viktige når dei skal velgje bustad er identitet, sjølvstende, sosiale aktivitetar, relasjonar i nabolaget, nærleik til tenester og omgivnader dei kjenner att. Forskingsomtalen viser at det er viktig å utvikle bustadar og samfunn for eldre i eit miljø dei kjenner og set pris på.  

Den viser også at det er gjort få studiar på det som går på omgjevnader og arkitektur når det kjem til val av bustadfor eldre. Sjølv om det er ein viktig faktor for dei eldre i val av bustadform, dreier forskinga mest om sjølve tenestene dei ulike bustadformene skal dekke. At kommunen jobbar tverrfagleg i utviklinga av bustadformer og at dei tilbyr ei oversikt over faktorar, kan hjelpe kvar enkelt å velgje bustadform utifrå eigen situasjon.  

Fleire avklaringsrundar med Bergen kommune  

Vegen fram til forskingsomtalen er basert på systematisk arbeid og gjennomgang av forsking innan det feltet byrådsavdelinga ønskte å vite meir om. Første søk etter aktuell forsking gav over 1500 treff og det vart naudsynt med avklaringsdialogar med kommunen både på kva ein var på jakt etter og korleis ein kan forstå funna. FHI er også i dialog med bestillar om korleis ein nytte ei slik kunnskapsoppsummering til praktisk bruk og handling.  

Forskingsomtalen seier også noko om kor representativ forskinga er og kor mykje tillit ein kan ha til resultatet. I dette tilfellet vart fleirtalet av studia vurdert til høg kvalitet.  

Les heile forskingsomtalen her:  Boligformer for eldre

Etablert samarbeid  

Forskingsomtalen er laga av Folkehelseinstituttet sitt område for helsetenester, i eit samarbeidsprosjekt med Kunnskapskommunen Helse Omsorg Vest. Omtalen skal vere til støtte for avgjerdstakarar i kommunane sine helse- og omsorgstenester.  

KS er ein aktiv partnar i prosjektet og ønsker å styrke denne typen kunnskapsarbeid for heile landet, med kommunar i Vestland og Rogaland som pilot.  

Be om kunnskapsoppsummering  

Om du arbeider med helse- og omsorgstenester i ein kommune i Vestland eller Rogaland, kan du foreslå ei kunnskapsoppsummering. Les meir her: Kunnskapsoppsummeringer