Seier nei til Dokken-bod frå Statsbygg

Byrådet seier nei til bodet frå Statsbygg for ei tomt på Dokken. – Vi har framleis stor tru på prosjektet, og vil vere konstruktive i prosessen vidare, seier finansbyråd Eivind Nævdal-Bolstad

Bergen kommune har forhandla med Statsbygg om å selje ei tomt på Dokken. På tomta er det tenkt at det skal kome eit nybygg som skal huse Havforskingsinstituttet og Fiskeridirektoratet.

Fekk bod på 235 millionar

Kommunen fekk i september i fjor eit bod på 235 millionar kroner for tomta. Dette bodet vil ikkje byrådet godta. Dei ber den statlege byggetaten om å gå i dialog med Fiskeri- og næringsdepartementet, slik at det blir mogeleg for partane å ta opp att forhandlingane.

– Bodet på 235 millionar kroner er ikkje rett marknadspris for denne eigedomen. Kommunen kan ikkje selje denne tomta til halvparten av kva ho eigentleg er verd, seier finansbyråd Eivind Nævdal-Bolstad.

I samband med salsprosessen er det henta inn fem ulike verdivurderingar av eigedomen. Bergen kommune henta inn ei verdivurdering i 2021 som verdsette eigedomen til 543 millionar kroner. Etter at bystyret gjorde vedtak om tomteval i 2023 henta Bergen kommune inn ei vurdering som verdsette eigedomen til 566 millionar kroner. Statsbygg henta inn ei verdivurdering som verdsette eigedomen til 205 millionar kroner. Dei andre vurderingane verdset alle tomta til mellom 438 til 566 millionar kroner.

Samlokaliseringa viktig

– Det er viktig for oss å få til samlokaliseringa av Havforskingsinstituttet og Fiskeridirektoratet. Det har mykje å seie for nasjonen og arbeidet med å styrkje Bergen som den leiande havbyen i landet, meiner Nævdal-Bolstad.

Sal av tomter skal vere med på å finansiere utviklinga og transformasjonen av Dokken til ein ny bydel. Byråden meiner at eit sal under marknadspris ville ført til at kommunen gjorde avkall på verdiar som kunne vore nytta til å realisere byutviklingsmåla for Dokken.

– Eg vil be Statsbygg om å gå i dialog med oppdragsgivaren Fiskeri- og næringsdepartementet. Slik kan dei få eit oppdatert mandat for vidare forhandlingar med kommunen. Bergen kommune ønskjer å få til ei snarleg semje, slik at samlokaliseringa ikkje stoppar opp. Ei mogeleg løysing kan vere å fastsetje ein marknadsverdi gjennom å hente inn ei felles verdivurdering. Dette formidla vi også i møte med den politisk leiinga i departementet like før jul. Eg har i dag òg sendt brev til fiskeri- og havministeren som understreker vår sterke vilje til å få realisert dette viktige prosjektet,  seier finansbyråd Eivind Nævdal-Bolstad.

Les dokumenta i saka

SE OGSÅ: Les sakene fra byrådet 11. januar