Et hus i tre etasjer som tidligere var skole, men som nå er boliger
RIMELEGARE: Ombygginga av dette gamle skulebygget på Landås til bufellesskap vart rimelegare enn budsjettert.
Bilde: Ola Henning Målsnes

Bufellesskap vart 31 millionar kroner billegare

Ombygginga av Landåsveien 33 frå skulebygg til bustadar vart 31,3 millionar kroner enn budsjettert. Det viser sluttmeldinga for prosjektet.

Tidlegare var Landåsveien 33 ein del av det tidlegare skuleanlegget til Landås skole. Bygget er gjort om til eit bufellesskap for menneske med utviklingshemmingar. Prosjektet omfatta rehabilitering og ombygging av det verneverdige skulebygget. I bygget er det kome ni bustadar og tenestebase for dei tilsette i bufellesskapet. Bueiningane er utforma slik at dei stettar krava Husbanken stiller for å gje tilskot til å etablere omsorgsbustader.

Bufellesskapet stod klart til innflytting juni 2023. No ligg sluttmeldinga frå prosjektet føre. Når prosjektet er avslutta har det gått med 79,8 millionar kroner. Dette gir eit mindreforbruk på 31,3 millionar kroner samanlikna med budsjettet.

Prosjektet har fått investeringstilskot frå Husbanken på 16,3 millionar kroner. Bergen kommune si eigenfinansiering av prosjektet er då på 63,5 millionar kroner.

Byrådet tilrår at sluttmeldinga vert godkjent.

Saka går vidare til utval og bystyre.

Les dokumenta

SE OGSÅ: Les sakene fra byrådet 16. mai