Illustrasjon av Teigane bofellesskap
TEIGANE: Illustrasjonen viser vestfasaden til Teigane bofellesskap med uteområder.
Bilde: Henning Larsen AS

Byggeprosjekt Teigane bufellesskap

På Teigane i Indre Arna skal det byggast eit bufellesskap med seks husvære og ein base for personalet. Bustadane er ein del av bustadløftet for personar med utviklingshemming.

Status: Planleggingsfase

Skildring av prosjektet

I samband med bustadløftet for utviklingshemma skal det i øvre del av Teigane i Indre Arna byggast seks leilegheiter, samt ein tenestebase for personalet.

Kvar bueining får eit areal på  60m². Tenestebasen vil få eit areal på omlag 100m².  Bustadane vil liggje høgt og fritt med vestvend utsikt over Arnadalen.

Eigedomen er allereie regulert til bustadføremål og er eigd av Bergen kommune. Eigedomen ligg elles i rolege omgivnader med kort veg til natur og turområde. 

I utviklinga av prosjektet har prinsippa i planen for tenester til personar med utviklingshemming vore gjeldande. Desse prinsippa handlar mellom anna om:

  • Bustaden skal vere tilpassa den enkelte
  • Bustadane skal kome i gode og vanlege bumiljø
  • Bustadane skal ha god standard og universell utforming
  • Bustadane skal ha teknologiske løysingar som bidreg til sjølvstende
  • Bustadane skal ikkje ha preg av institusjon

Prosjektet består av eit nybygg over to etasjar. Tre av leilegheitene ligg i underetasjen til bygget. Her vil det òg vere vaskerom og bodar.
I den andre etasjen i bygget skal det kome tre leilegheiter. I tillegg ein tenestebase med personalrom, samtalerom, medisinrom, garderobar og eit møte- og opphaldsrom med kjøkken.

 Det er lagt stor vekt på gode bukvalitetar. Bustadane er utforma slik at dei oppfyller Husbankens krav for å oppnå tilskot til omsorgsbustader. Uteområdet tek vare på bebuarane har for privat og felles uteareal.

Prosjektet skal byggast i tråd med miljøprogrammet til Bergen kommune. Bygget skal tilfredsstille passivhusstandard. Det skal installerast bergvarmepumpe og solceller på taket.  I byggjefasen skal prosjektet gjennomførast som utsleppsfri byggjeplass og meir enn 90 % kjeldesortering. 

Viktige element som bidreg til lågare klimagassutslepp er at det hovudsakleg blir bygd i tre og med lågkarbon betong A. Det skal etablerast lademoglegheit for el-bilar og syklar. Inngrep i naturen skal avgrensast.

Flyfoto som viser hvor bofellesskapet på Teigane er planlagt
Dette flyfotoet viser kor bufellesskapet er tenkt plassert.
Bilde: BERGENSKART/PLAN- OG BYGNINGSETATEN

Fakta

  • Adresse: Teigane 53, gnr. 287 b.nr. 227
  • Areal: Ca. 900 BTA
  • Byggestart: 4. kvartal 2024
  • Ferdig: 3. kvartal 2026
  • Arkitekt: Henning Larsen
  • Entrepriseform: Totalentreprise
  • Entreprenør: Ikke anskaffa
  • Investeringsramme: 83,1 millionar kroner.

Prosjektleder i Etat for utbygging: Mona L Tøsdal