Illustrasjon av nye Midtbygda behandlingssenter
100 PLASSAR: Den gamle sjukeheimen i Midtbygda skal erstattast av nye Midtbygda behandlingssenter med 100 korttidsplassar.
Bilde: Nordic Office of Architecture

Byggeprosjekt Midtbygda behandlingssenter

Noverande Midtbygda sjukeheim skal rivast og erstattast av eit nybygg. Nye Midtbygda behandlingssenter skal romme 100 korttidsplassar.

Status: Byggefase

Prosjektskildring


Midtbygda behandlingssenter vil ha 100 korttidsplassar, kafé, dagsenter og rehabiliteringssenter. Åsaheimen og Midtbygda behandlingssenter vil ha fleire felles funksjonar som parkering og resepsjon. Aktiviteten på dagsenteret vil gi behandlingssenteret høve til å gi tilbod til og ha samspel med nærmiljøet. Nytt felles parkeringsanlegg for dei to institusjonane skal etablerast i terrenget under Midtbygda sjukeheim.

Sjå video som viser 3D-modell av nybygget: 

 

Klimavennleg bygg og byggeplass

Bygget vert utforma med konstruksjon i massivtre og etter passivhusstandard. Det vil vere eit bygg som er nært fritt for utslepp. Prosjektet skal også vere utsleppsfri byggeplass så langt det lèt seg gjere. Bygget skal sertifiserast etter klima- og miljøstandarden BREEAM-NOR til utmerka (excellent). Bygget blir såkalt «Paris Proof». Det skal nyttast klimavennlege materiale, fornybar energi og energieffektive løysingar som er i tråd med Paris-avtalen.

Skisse frå arkitekten som viser nye Midtbygda behandlingssenter
REHABILITERING: Midtbygda behandlingssenter vil også ha rom for eit rehabiliteringssenter.
Bilde: Nordic Office of Architecture

Behandlingssenteret skal byggast på ein måte som gjer at det vil krevje lite tilført straum når det kjem i drift. Solceller, saman med eit svært effektivt ventilasjonsanlegg, lågenergi  varmesystem, standard som passivhus og geobrønnar gjer at bygget berre vil forbruke omlag 40 kWh for kvar kvadratmeter.

Ombruk av gamle Midtbygda

Rivinga av det gamle bygget er planlagt med tanke på ombruk. Omlag 847 kvadratmeter med hóldekke skal ombrukast i det nye bygget. Eit hóldekke er eit betongelement for etasjeskiljarar og tak. I tillegg skal 950 kvadratmeter med systemhimling, 15 tonn med berestål og andre bygningsdelar som ståltrapp, servantar, kabelbruer og dører skal brukast om att.

Eksisterande Midtbygda sjukeheim som skal rivast
RIVAST: Den eksisterande Midtbygda sjukeheim skal rivast, men det er lagt opp til omfattande gjenbruk av materiale frå den gamle til det nye behandlingssenteret.
Bilde: Ola Henning Målsnes

Prosjektet har høge klima- og miljømål under bygginga og for det ferdige bygget. Byggeplassen skal drivast som utsleppsfri byggeplass. Det er eit mål om å redusere utsleppa med 85 prosent gjennom å bruke elektriske anleggsmaskiner.

Seks menn står foran ein skjerm med illustrasjon av sjukeheimen
SIGNERTE: Måndag 21. august signerte Etat for utbygging kontrakt med Skanska om oppføringa av Midtbygda behandlingssenter. Frå venstre Willy-Andre Gjesdal (direktør i Etat for utbygging), Johnny Berg (prosjekteier EFU), Morten Ottesen (byggherreombod HRP), Bjørn-Oddmar Olsen (prosjektleiar EFU), Even Sandtorv Hansen (prosjektleiar i Skanska) og Håvard Tjore (regiondirektør Skanska).
Bilde: Etat for utbygging

Fakta

  • Adresse: Åsane Senter 1, 5116 Ulset
  • Bruttoareal eksisterande bygg: 10.000 m²
  • Bruttoareal nybygg: 14.000 m²
  • Oppstart bygging: oktober 2023
  • Planlagt ferdig: oktober 2026
  • Planlagt tatt i bruk: februar 2027
  • Arkitekt: Nordic Office of Architecture
  • Byggherreombod: HRP AS
  • Totalentreprenør: Skanska
  • Entrepriseform: Samspill til totalentrepriser
  • Investeringsramme: 993 millionar kroner

Prosjektleiar i Etat for utbygging: Bjørn-Oddmar Olsen