Gå tilbake til:
Du er her:
Ytre Arna skule
Ytre Arna skule
Bilde: Trude Haugen

Byggeprosjekt Ytre Arna skule

Ytre Arna skule skal totalrehabiliterast og skal gi rom til 300 elevar. Planlegginga av arbeida er sett i gang og forventa byggestart er hausten 2025.

Status: Planleggingsfase

Prosjektskildring

Ytre Arna skule vart ferdigstilt i 1956 som kombinert barne- og ungdomsskule. I 1981 vart det oppført eit tilbygg som inneheld idrettsanlegg og svømmehall. I 2018 vart elevane på ungdomssteget overførte til Garnes ungdomsskule.

I 2018 vart òg Haugland barneskule nedlagt og elevane overført til Ytre Arna skule.

Helsestasjonen for Ytre Arna er òg lokalisert i bygget.

I 2013 gjennomførte Sweco på vegner av Bergen kommune ein tilstandsanalyse av skulebygget. Tilstandsanalysen konkluderte med at Ytre Arna skule hadde eit stort etterslep på vedlikehaldet og eit behov for å utviklast og moderniserast i tråd med føringane i skulebruksplanen.

Etat for utbygging engasjerte Rambøll til å sjå på moglegheitene og utfordringane til Ytre Arna skule. Arbeidet med moglegheitsstudien blei ferdigstilt i 2015. 

Etat for utbygging tilrådde alternativet med omfattande rehabilitering, tilbygg og ombygging var hovudtrekket. Tilrådinga blei gjort av omsyn til at skulebygget har svært høg verneverdi.

Moglegheitsstudien kom med eit løysingsforslag der skulen blei dimensjonert for 300 elevar og bygd om for å tilfredsstille den gjeldande skulebruksplanen. Skulen skal delast inn i heimeområde, samstundes som dagens bygg og fasadeuttrykk blir tatt vare på i størst mogeleg grad.

Hovudtrekka fra mogelegheitsstudien er:

  • Totalrehabilitering av tekniske anlegg
  • Ombygging av korridor og klasseromsløysing til heimeområde
  • Tilbygg med trapp, heis og garderobeanlegg
  • Omorganisering av fellesrom/spesialrom
  • Senking av 1. etg for å utnytte heile etasjen.

Fakta

  • Prosjekt: Totalrehabilitering og tilbygg 
  • Adresse: Bankvegen 11, 5265 Ytre Arna 
  • Bruttoareal: ca. 7000 m²
  • Antall elevar: Inntil 300 elevar og eigen innføringsklasse
  • Prosjektkostnadar: Ikkje fastsett
  • Ferdigstilling: 2027/2028
  • Entreprisemodell: Samspel

Prosjektleiar i Etat for utbygging: Stian Reime