Illustrasjon Rolland skole
NYTT BYGG: Rolland skole i Bergen kommune skal bli ny. Nybygget skal stå ferdig til innflytting i januar 2029.
Bilde: Illustrasjon: Tyark AS

Open prekvalifisering: Utlysning av kunstprosjekt til Rolland skole

Bergen kommune inviterer profesjonelle kunstnarar og kunsthandverkarar til å melde interesse for kunstprosjekt til nye Rolland skole i Åsane.

Skulen er under bygging og skal stå ferdig til innflytting i januar 2029.

Skulen og byggeprosjektet

Rolland skole i Bergen kommune skal få nytt bygg. Gamle Rolland skole frå 1977 er riven, og grendeskulane Kollåsen og Storåsen og det gamle hovudbygget skal samlast i eit nytt og moderne skulebygg. Nybygget gjer rom for at elevtalet kan aukast til 360 elevplassar totalt, fordelt på trinna 1. til 7. klasse, inkludert ei forsterka avdeling for inntil ti elevar. 

Byggeprosjektet omfattar eit nytt undervisningsbygg med høg kvalitet og stort fokus på gode trematerialar, og utomhusareal med pollinatorvenlege plantar og god materialbruk. Det er høgt fokus på ombruk av materialar frå det gamle skulebygget. Byggeprosjektet vil gje ein ny og framtidsretta skule på Rolland, medan skulen sitt særpreg vert vidareført.

Rolland skole har ein god atmosfære og positiv identitet. Det er ein skule med godt, trygt og inkluderande miljø og stor aktivitet. Stikkord ein forbind med skulen er: trivsel, samhald, nært, trygt og varmt. Elevane på Rolland har kort veg frå skule til fritidsaktivitetar og bruk av naturen.

Kunsten

Kunstutvalet tenkjer at det vil vere flott om kunstprosjekta greier å spegle verdiane og atmosfæren til skulen. At kunstnarane har interesse for skulen sin identitet og miljø, og ein arbeidsprosess som kan ivareta dette, vil difor vere positivt. Materialbruk og uttrykk for kunsten bør òg kunne kommunisere godt med arkitekturen til nybygget, der arkitektane har tatt utgangspunkt i repetisjon og ro, gode og haldbare kvalitetar, og ein roleg fargepalett. 

Utvalet ser positivt på kunst som har medvit om dei lokalhistoriske aspekta, men som samstundes ser framover og utover. Framtidsretting og -optimisme er noko elevane vil setje pris på. Vi definerer ingen særskild tematikk for kunsten, men ønskjer oss prosjekt som kan vekke målgruppa si nysgjerrigheit, og bidra til refleksjon, engasjement og open samtale. 

Hovudmålgruppa er elevane, ei ung og aktiv brukargruppe. I tillegg skal kunsten kunne appellere til lokale besøkande som vil kome til arrangement på kvelden og aktivitetar i regi av kulturskulen. Dei nye uteområda kring skulen vil òg vere i aktiv bruk av barn, ungdom og vaksne, gjennom organiserte og ’uorganiserte’ aktivitetar, til mange tider på dagen. 

Kunstprosjekta vil vere godt synlege, i den sentrale, mest besøkte delen av bygget, og på uteområdet. Slik sikrar ein at kunsten vert opplevd av flest mogleg. 

Utvalet har definert to delprosjekt. Kvart prosjekt vil ha ulike faktorar som er vesentlege. 

For det første oppdraget (innandørs, i amfi) vil det vere viktig at kunstnar evner å arbeide med tredimensjonale prosjekt, volum og lys på ein god måte. 

Det andre oppdraget vil krevje at kunstnaren kan skape eit prosjekt som framstår interessant og aktiverande i eit opent uterom. For ute-oppdraget opnar utvalet opp for eit prosjekt som òg kan vere meir eksperimenterande, og som på ein eller annan måte inviterer elevar til deltaking. Vi vil oppmode også kunstnarar som arbeider med uttrykk som er meint å være meir temporære om å melde si interesse for dette prosjektet. 

Kunstutvalets mål for kunsten på skulen er at den skal vera av høg kvalitet, både når det gjeld utføring og kunstnarisk uttrykk. Det er naturleg å etterspørje at kunstnaren har fokus på berekraft, miljø og etikk, når det gjeld materialbruk, produksjon og transport. 

Kunstutvalet vil invitere dei valde kunstnarane til ein vidare prosess basert på innsende søknader. Det kan vere til honorert skissekonkurranse eller direkte oppdrag.

For nybygget er det satt av kr 1.927.570 eks mva til kunsten (inkl. adm.).

For fleire detaljar rundt oppdraga, bygget og prosessen, sjå kunstplanen. 

Krav til søknaden

Profesjonelle kunstnarar og kunsthandverkarar kan søke. Me oppfordrar også kunstnarar utan tidlegare erfaring frå kunst i offentleg rom til å søke.

Søknadsfrist: 29. desember 2026

Søknaden skal innehalde: 

  • Kort tekst om grunngjeven interesse og motivasjon for oppdraget. Om du ønskjer det kan du her spesifisere kva for eit oppdrag du er mest interessert i. Vi ønskjer ikkje konkrete forslag i denne delen av prosessen, og set pris på at du uttrykker deg kortfatta og presist.
  • Dokumentasjon av relevante tidlegare arbeid, og oppdatert CV (evt. inkl. kort bio).
  • Opplysningar om kunstverka, som titlar, årstal, materiale og storleik, skal inkluderast i dokumentasjonen. 

Alt samlast i ein PDF-fil på maks 20 sider / 15 mb. Namngje dokumentet: Rolland_etternamn_fornamn.pdf

Sendast på e-post til leiar av kunstutvalet: forde.helene@gmail.com

Dit kan du også sende spørsmål om oppdraga, prosessen eller innhaldet i kunstplanen.

Vedlegg