Gå tilbake til:
Du er her:
Haukelandsvatnet
Oversiktsbilde over Neset på Unneland.
Bilde: Veidekke entreprenør

Frå avfallsdeponi til dyrkbar mark på Neset

Bymiljøetaten har rydda i det nedlagte kommunale avfallsdeponiet Neset i Arna.

steinmassar og matjord
Legg ut dekklag med filtermateriale, reine steinmassar og matjord.
Bilde: Gry B. Stenersen

Deponiet er dekka med reine massar og er på nytt blitt dyrkbar mark.

Randsona mot Haukelandsvatnet er reinska for avfall og på ny blitt ei våtmarkssone slik som Fylkemannen i Vestland ville ha ho.

Neset avfallsdeponi var i drift frå 1959 til 1977. Totalt er det deponert 120 000 m3 avfall på eit 40 dekar stort område. Prosjektet er ein del av planane kommunen har for miljøsanering der det finst fare for forureining.

Prøver viser lav forureining

boss under bakken graves opp
Boss frå 50-talet flyttes vekk frå naturreservatet og lenger inn på jordet, kor det skal dekkast med reine steinmasser og matjord.
Bilde: Gry B. Stenersen

Bymiljøetaten tek prøvar av jord og vatn før, under og etter anleggsperioden. Anleggsperioden vart avslutta 1.april som planlagt. No viser prøvene at jorda er rein, fortel prosjektleiar Gry B. Stenersen.

Til naturreservat og dyrkbar jord  dette gjorde vi

Avfall som lå i skråninga ned mot vasskanten er gravd opp og lagt inn på land og dekt med tette massar og deretter med matjord heile den gamle deponioverflata. Grunneigar skal så til området, mens i naturreservatet ved strandsona skal det gro att naturleg på eigen hand. Det tette laget skal hindre at regnvatn vaskar ut forureining til Nesvika. Grøfter i overgangen mellom det gamle deponiet og strandsona skal drenera for sigevatn frå deponiet. Filtermateriale skal halda eventuelle miljøgifter attende slik at vatnet som renn ut er reint. Nedbør skal renna av på det tette laget via flere dammar i strandsona til Nesvika. Dammane skal lagast til slik at ein oppnår ideelle tilhøve for insekt som blir mat for fuglar.

en lastebil står på nylaget møteplass for biler
Prosjektet har og laga møteplass og gjort det lettare å køyre til området.
Bilde: Gry B. Stenersen

I anleggsperioden ligg ei siltgardin utanfor strandsona for å unngå at det vert spreidd forureining ut i Nesvika og vidare ut i Hauklandsvatnet. Utanfor siltgardina er det sett ut målarar som registrerer om det vert spreidd partiklar som kan vera forureninande. Ved høg konsentrasjon av partiklar vil arbeidet stoppa opp og ekstra tiltak vurdert.

Tek omsyn til både folk og vipa

Unnelandsneset er eit av dei områda i Hordaland der vipa framleis hekkar. Vipa er ein truga art som er raudlista i Noreg. Arbeidet med saneringa ble ferdig innan hekkesesongen 2020.

Anleggsarbeidera ble gjort oppmerksame på å vise ekstra aktsemd på  strekninga Unnelandsvegen 319. Selve arbeidet pågikk ved Solneset Gård, i perioden 26.08.2019-15.04.2020.

Området kan no nyttast som før anleggsperioden.