Illustrasjon av Alvøen idrettshall med mennesker som sitter på plassen utenfor hallen.
TERRASSERT: Alvøen idrettshall blir bygd terrassert inn i terrenget. Hallen vil ha fleirbrukshall og eigen bordtennishall.
Bilde: Hent/Longva/Grindaker/DOF

Byggeprosjekt: Alvøen idrettshall

Alvøen idrettshall skal innehalde fleirbrukshall og bordtennishall. Alle massar blir gjenbrukte lokalt på tomta. Uteområda skal òg oppgraderast.

Fase: Gjennomføringsfase

Prosjektskildring

Alvøen idrettshall vil få handballbane, tre sett med garderobar, eige rom for styrketrening, foajé, tribunar og bordtennishall. I tillegg til sjølve hallen skal òg uteareal oppgraderast. Ei 7’ar-bane skal rehabiliterast og hevast til same nivå som 11’ar-bana. Basketballbana skal òg oppgraderast.

Oversiktsbilete over Alvøen idrettspark
OVERSIKT: Dette biletet gir eit oversyn over idrettsparken i Alvøen og kor den nye hallen kjem.

Den nye hallen skal plasserast ved ei kolle. Delar av kolla må sprengast bort. Prosjektet har freista å utvikle ein idrettshall med eit nedskalert volum som passar til terrenget. Areala legg i stor grad til rette for fleirbruk og ulike typar arrangement. Det totale bruttoarealet er på 4.000 kvadratmeter. Hallen skal reisast tett på den eksisterande idrettsparken i Alvøen. 

LAST NED: 

Medan byggearbeida pågår skal store delar av parken vere i bruk for idretten.

Prosjektet har funne løysingar for å bruke om att alle massane på tomta. Det gjer at omgjevnaden blir spart for 16.500 lastebilturar. Hallen skal primært byggast i massivtre og limtredragarar. Grunnfundamenta vil bestå av lavkarbonbetong. Idrettshallen er òg prosjektert med solcelleanlegg på taket. Saman med andre energiløysingar kjem hallen til å bli eit nær nullenergibygg.

Prosjektet er utvikla etter ein konkurranse der deltakarane leverte inn sine løysingsforslag for idrettshallen. HENT AS blei vinnar i konkurranse med to andre tilbydarar. Tomta har vore krevjande for prosjektet og gjer at hallen må tilpassast omgivnaden. Den valde løysinga reduserer uttaket av massar til om lag 7.500 m3. Bygget blir terrassert inn i terreng for å få dette til.

Alle massane blir handterte lokalt på byggeplassen. Dei sparte lastebilturane gjer at prosjektet òg sparer 1.211 tonn CO2-ekvivalentar eller utsleppa frå om lag 5.900 flyturar mellom Bergen og Oslo og tilbake att.

I utviklinga av prosjektet har det vore medverknad frå Byrådsavdeling for næring, kultur og idrett, Etat for idrett, Etat for bygg og eigedom og brukarinteresser som Loddefjord IL, Laksevåg bordtennisklubb og Idrettsrådet.

En fotballbane med spillere på og en ny idrettshall i bakgrunnen
MASSIVTRE: Den nye idrettshallen skal oppførast i massivtre. Massane skal nyttast anna til å heve sjuarbana i idrettsparken.
Bilde: Longva arkitekter AS

Hallen blir ein konstruksjon i massivtre. Den skal vere passivhus og nært utsleppsfri. Hallen skal utstyrast med bergvarmepumpe og solceller. Det 100 prosent gjenbruk av massane på tomta.

Slik er den nye idrettshallen tenkt plassert på tomten. Masseuttaket er kraftig redusert og skal brukes lokalt for å heve 7’er-banen på Alvøen og lage gode arealer for møteplasser i idrettsparken.
Bilde: Hent/Longva/Grindaker/DOF

Dette er et tidlig løsningsforslag som ville innebåret store skjæringer i fjellet.
Massene skal blant annet brukes til å heve 7’er-banen på Alvøen og lage gode arealer for møteplasser i Alvøen idrettspark. 
 

Fakta

  • Adresse: Alvøveien 166 
  • Bruttoareal: 4.050m² (Idrettshall 3.950 m²) 
  • Kapasitet: Stor idrettshall med fleirbrukshall og bordtennishall for 800 samtidige brukarar.
  • Investeringsramme: 243,7 millioner kroner
  • Entrepriseform: Samspel til totalentreprise (overgang til totalentreprise.)
    Totalentreprenør: HENT AS
  • Arkitekt: Longva arkitekter AS
  • Landskapsarkitekt: Grindaker AS
  • Rådgivende ingeniør: Cowi AS
  • Byggestart nybygg: 3./4. kvartal 2023

Prosjektleiar i Etat for utbygging: Bjørnar Vindenes