Gamsebotstjørna i Ytre Arna
Gamsebotstjørna i Ytre Arna er nå tappa ned i samband med rehabiliteringsarbeidet.
Bilde: Bergen Vann/Mattias Eugster

Gamsebotstjørna i Ytre Arna

Steindemninga ved Gamsebotstjørna tilfredsstiller ikkje dagens tryggleikskrav og må utbetrast.

Demninga ved Gamsebotstjørna, også kalla «Gamsen», ligg på Sætrefjellet i Ytre Arna. Demninga stammar frå tidleg på 1900-talet og vart bygd i to etappar. «Gamsen» vart brukt som drikkevasskjelde i Bergen kommune fram til 2019, og fungerer no som krisevasskjelde. Magasinet ligg i eit område med mykje tur- og friluftsliv, og har blitt ein kjærkomen badeplass.

Etter ei vurdering i 2018 vart det konkludert med at steindemninga ikkje oppfyller dagens tryggleikskrav, og at ho må sikrast betre mot dambrot.

Dam Gamsebotstjørna rehabiliterast

Basert på ei samla vurdering har Bergen Vann kome fram til at ei rehabilitering framstår som det beste alternativet. Planane er godkjende av NVE, og gjennomføringsvedtaket for rehabilitering av Dam Gamsebotstjørna vart vedteke i Byrådet 20. november 2025.

Gjennomføringsvedtak for rehabilitering av Dam Gamsebotstjørna - Byrådet 20. november 2025.

Status pr juni

  • Hogstarbeidet ved Gamsebotstjørna er no ferdig og entreprenør har starta arbeidet med å rigge til anleggsområdet. 
  • Anleggsarbeidet vil ha oppstart i veke 24.
  • Enkelte turstiar kan bli stengde i periodar, men vi vil så langt som mogleg forsøkje å halde dei fleste opne. Alternative ruter vil bli skilta. Eventuelle spørsmål kan rettast til byggjeleiar (sjå kontaktinformasjon lenger nede).

Senkning av vannstand

Magasinet må tappast ned til om lag 7 meter under normalt vasstandsnivå før rehabiliteringsarbeida kan ta til. Nedtappinga vil starte i løpet av våren 2026. Rehabiliteringsarbeidet skal vere ferdig innan utgangen av 2026. Normal vasstand i Gamsebotstjørna er venta å vere nådd vinter/vår 2027, avhengig av nedbørsmengdene i månadene før.

Sida vil bli oppdatert etter kvart.

Byggherre: Bergen Vann – Bergen Kommune

Prosjektleiar: Matthias Eugster, matthias.eugster@bergen.kommune.no Byggingsleiar: Tobias Skoglie Liaklev, tobias.liaklev@bergen.kommune.no 

Døgnåpen Vaktsentral Tlf. 55 56 78 15

Meld inn feil til Bergen kommunes døgnbemannede Vaktsentral

Demningen ved Gamsebotstjørna
Hogstarbeidet ved Gamsebotstjørna er no ferdig og rehabiliteringsarbeidet startar i veke 24.
Bilde: Bergen Vann/Mattias Eugster