Foreløpig illustrasjon som viser størrelsen på en ny Bjørnarhall
NY IDRETTSHALL OG SKULEPLASS: Illustrasjonen viser korleis den nye Bjørnarhallen og skuleplassen nord for Garnes skule kan bli sjåande ut.
Bilde: Arkitektgruppen CUBUS

Nabomøte om reguleringsplan for Bjørnarhallen

Etat for utbygging inviterer naboar og andre interesserte til eit ope informasjonsmøte tysdag 19. mars 2024 kl. 18.00-19.30 om planforslaget for Bjørnarhallen.

LAST NED: 

På oppdrag frå byrådsavdelinga for næring, kultur og idrett har Etat for utbygging utarbeidd eit planforslag for ny idrettshall på Garnes.

Den nye hallen skal erstatte Bjørnarhallen. Hovudføremålet med arbeidet er å leggje til rette for å byggje ein dobbel idrettshall med støttefunksjonar. Det skal bli meir kapasitet for idrett og aktivitet. I forlenginga av ny hall skal òg skuleplassen nord for Garnes skule rustast opp.

Informasjonsmøte

Planforslaget vart lagt ut på offentleg ettersyn 24. februar 2024. Fristen for å kome med merknader til planen er 9. april 2024. Før fristen for å gje merknad går ut, vil Etat for utbygging halde eit informasjonsmøte om planen:

Tid: Tysdag 19. mars 2024 kl. 18.00-19.30
Stad: Garnes skule, lilla inngang (sjå kart nederst)

På møtet deltar prosjektleiar frå Etat for utbygging, bestillar frå Byrådsavdeling for næring, kultur og idrett, plankonsulent, arkitekt frå Arkitektgruppen Cubus og vegkonsulent frå Sweco.  Det er Arkitektgruppen Cubus som har utarbeidd forslaget til detaljregulering på oppdrag frå kommunen.

Kort om planforslaget

Planforslaget legg til rette for å etablere ein ny, dobbel idrettshall. Hallen skal erstatte den som står der no og gi betre kapasitet for idrett og aktivitet. I tillegg til to handballbaner vil bygget romme eit garderobeanlegg, aktivitetshall, kiosk og sosialt rom.

Planen legg òg til rette for å etablere parkeringskjellar og eit nytt køyremønster nord for hallen. Dette vil vere med på å løyse parkeringsutfordringane i nærområdet. Plassen utanfor hallen kan då ryddast for bilar, slik at han kan brukast til leik og opphald. I tillegg skal skuleplassen nord for Garnes skule oppgraderast. Det skal kom nye og tydelege gangsamband rundt og gjennom området.

I planprosessen har det vore særleg viktig å ta omsyn til kva funksjon idrettshallen skal ha og kor brukeleg han skal vere. Eit anna viktig tema i planarbeidet har vore å ta vare på og betre skuleplassen til Garnes skule.  Omsynet til nærmiljø, trafikk, parkering og trygg skuleveg har òg vore vektlagde.