Det nye vannbehandlingsanlegget på Espeland
Det nye vassbehandlingsanlegget på Espeland skrid fram!
Bilde: Bergen Vann/Oddbjørn Andersen

Nytt vassbehandlingsanlegg på Espeland

Espeland vassbehandlingsanlegg (VBA) skal oppgraderast med ny vassbehandlingsprosess og auka produksjonskapasitet.

Om prosjektet

Espeland vassbehandlingsanlegg (VBA) er eitt av fem vassbehandlingsanlegg i Bergen. For å tilfredsstille dagens strenge krav om to barrierar mot parasittar, skal anlegget oppgraderast slik at det får same hygieniske tryggleik som dei fire andre vassbehandlingsanlegga.
Den nye vassbehandlingsprosessen vil òg innehalde eit fjerningstrinn for farge på råvatnet frå Svartavatnet.

Maksimal vassproduksjon vil bli auka frå dagens 67 000 m³ per døgn til 80 000 m³ per døgn. Espeland VBA produserer også energi i samband med vassbehandlinga. For å optimalisere Espeland kraftverk blir inntaket bygd om slik at kraftproduksjonen blir meir uavhengig av vassproduksjonen. For meir informasjon om kraftproduksjon og vassbehandlingsanlegga våre, sjå  Bergen kommune - Vannbehandlingsanlegg)

Espeland VBA produserer kvar dag drikkevatn til fleire av byens store bydeler, deriblant Arna og Bergen vest. Det nye anlegget skal byggjast i tilknyting til dagens anlegg, men både vass- og energiproduksjonen vil gå som normalt i store delar av anleggsperioden, med minst mogleg nedstenging.

Oppgradering av Espeland vassbehandlingsanlegg vart vedteke i Hovudplan for vassforsyning 2015–2024, av Bystyret i Bergen den 24. juni 2015. 

Prosjektet er stipulert til å ha ei gjennomføringstid på om lag 3 år, med planlagt ferdigstilling i løpet av 2027.

Totalt 88 000 teglstein er bestilt til det nye bygget!
Totalt 88 000 teglstein er bestilt til det nye bygget!
Bilde: Trude Haugen

Framdrift og status pr november 2025

Nytt prosessbygg tek form utvendig. Tak og mursteinsforblending er i sluttfasen. Utvendig pågår det arbeid med diverse vatn-, avløps- og overvassleidningar, samt terrengjusteringar rundt nytt prosessbygg.
Innvendig er det full fart på ulike monteringsarbeid.

Det blir produsert vatn i det eksisterande anlegget i dag. Neste planlagde nedstenging av Espeland VBA er planlagt medio februar 2026. Då vil abonnentar som normalt får vatn frå Espeland få vatn frå eitt av dei andre vassbehandlingsanlegga våre, og abonnentane vil ikkje merke nokon forskjell.

Prosjektet held framdriftsplanen..

Skisse Espeland vannbehandlingsanlegg
Skisse over korleis det nye Espeland vassbehandlingsanlegg vil sjå ut.
Bilde: Bergen Vann
Espeland vannbehandlingsanlegg
Slik vil det nye Espeland vassbehandlingsanlegg liggje i terrenget (skisse), sett frå Espeland fangeleir

Kontaktopplysningar

Vi ønskjer eit godt samarbeid med berørte huseigarar og ønskjer at arbeidet kan gjennomførast med så liten ulempe som mogleg for buande i området. Ta kontakt med oss i Bergen Vann om det skulle vere noko.

Byggherre: Bergen Vann 
Entreprenør: Veidekke Bygg Bergen

Døgnåpen Vaktsentral Tlf. 55 56 78 15    

Meld inn feil til Bergen kommunes døgnbemanna Vaktsentral

Kan vi nå deg?

Vi ønskjer å informere direkte dersom det skjer noko viktig som rører deg. Sørg derfor for at vi har oppdatert kontaktinformasjon om deg

Aktuelt innhald